Lokalnytt

Fekk fram julestemning i sentrum

Sunnylven skulekorps og dirigent hadde leita fram nisseluene sine og stilte opp med julekonsert, slik tradisjonen har blii laurdag før julaftan

Snøen mangla, men i Hellesylt sentrum vart julestemninga «kveikt» på laurdag. Gata var pynta, over ei bålpanne hang ei gryte med gløgg, og Sunnylven skulekorps stilte i nisseklær og framførte julemusikk.

Dei femten musikarane i Sunnylven skulekorps held tradisjonar ved like. Laurdag stilte dei i fargerike klede i gata på Hellesylt og spela kjente og kjære juletonar. Nissekorpset under leiing av dirigent Trond Otto Berg var i form og hadde eit rikt repertoar også i år som hausta mykje applaus frå ei ganske talrik forsamling.

Det vart ei stemningsfull stund med juletonar frå unge musikantar der dei frammøtte fekk høyre julesongar som Nå tennes tusen julelys og Eit barn er fødd i Betlehem, til Bjelleklang, Glade jul, Her kjem me dine arme små, Deilig er den himmel blå og fleire, til avslutning med Deilig er jorden. Sjølvsagt vart det nærmast kravd ekstranummer, og det vart Bjelleklang ein gong til.

Julekonsert på internett

Sunnylven skulekorps består av unge musikarar. Korpset som har ein gjennomsnittsalder på 12 år, med nokre litt eldre støttespelarar, er ein ressurs for bygda.
Alle som ikkje fekk høyre «nissekorpset» på Hellesylt laurdag, kan høyre både det og andre under julekonsert i Sunnylven kyrkje søndag 20. desember.
Då samlast alle gode song og musikkrefter i Sunnylven til den årlege julekonserten som i år blir utan publikum. Men alle kan i staden oppleve vakker song og musikk ved å gå til internett på Sunnylven kyrkje si facebook-side frå klokka 20.00 søndag kveld.

Mange stoppa opp i julestria ei stund for å høyre Sunnylven skulekorps spele.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380