LokalnyttLokalsport

Flott andreplass i Rindalsrennet

Kristine Hjellbakk Hole, NTG/L, Sunnylven IL gjekk godt i Rindal og vart nummer to i K 19/20. (foto: Hans Hole)

Kristine Hjellbakk Hole, NTG/L/Sunnylven IL viste god langrennsform under Rindalsrennet 3. juledag. I konkurranse med fleire frå nabofylket Trøndelag kom sunnylvsløparen på ein flott andreplass.

Langrennsløparane fann snø i Rindal der det tradisjonelle Rindalsrennet vart avvikla 3. juledag.

Deltakarar frå Trøndelag dominerte rennet både med deltakarar og på resultatlistene, men i K 19/20 gjekk Kristine Hjellbakk Hole frå Sunnylven IL eit godt renn og splitta trønderdominansen. Tale Bruheim Broding, Henning skilag var lite å gjere noko med, ho vann klassa klart. På tredje plass kom Mari Andrea Grevskott, Frol IL, deretter Selma Leirvik, Byåsen IL og Ida Vang, Tynset IF.

I klasse K 18 vart Lone Lorgen Øvrebust, Stordal IL nummer to.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380