God framdrift med renovering av skulen

Anleggsleiar Geir Frøysa framfor Sunnylven skule og samfunnshus der arbeidet er i rute med renoveringa.

Renovering av Sunnylven skule starta med å «strippe» bygget heilt ned og inn til betongkonstruksjonen. No fire, fem månader seinare er gjenreising av eit nytt og tenleg skulebygg kome godt i gong.

Vi har møtt anleggsleiar Geir Frøysa frå HT Bygg Hellesylt. Byggefirmaet fekk kontrakt på totalrenovering av Sunnylven skule, eitt av dei store oppdraga til Hellesylt-firmaet. Frøysa fortel om god framdrift i arbeidet, og som er i rute. –Det skal bli ferdig hausten 2021 ein gong, så då blir det juleavslutning i nytt skulebygg, lovar han.

-For om lag eitt år sidan var det synfaring med tanke på fornying av Sunnylven skule. Saman med HT Bygg var tilsette frå toppleiinga i Stranda kommune, og arkitekt med på synfaringa. I januar i år starta forhandlingar om kontraktinngåing og oppstart, men på grunna både korona-epidemien som dukka opp, og nye i kommunen vart renoveringa utsett, sjølv om skulen stod ubrukt ei tid grunna korona og heimeskule, fortel Frøysa.

Inn på betongen

Etter skuleslutt til sommaren vart læringsmateriell og inventar rydda ut, og Møre Miljøsanering, som er ein av våre underentreprenørar starta med å reinske bygget for uønska materiale. Over alt vart det «strippa» heilt inn til betongen, så bygget vart ståande som eit råbygg, fortel Geir Frøysa.

Dei berande konstruksjonar i bygget er gode, seier han, -dei som stod for betongarbeidet under bygging i 1973 gjorde ein god jobb. Bygget har sige litt etter setningar i grunnen i løpet av snart femti år, men det har ikkje entreprenøren den gongen skulda for. Det vil heller ikkje påverke det ferdige resultatet no.

Nye tette tak

For ei tid tilbake var det kranseskål på nytt tett tak. Sunnylven skule har fått mønetak i staden for det flate som hadde lekkasje på fleire stader. Seinare er det også kome nytt og tett tak både på samfunnshus-delen og over «nyesalen».

-Mønetaket på skuledelen har blitt positivt motteke av bygdefolket. Loftrommet over klasseromma blir teknisk rom, og der monterer vi no utstyr for ventilasjon og varme. Heile bygget får montert vannboren varme frå radiatorar der det er praktisk mogleg å få til. Anlegget er også dimensjonert for utbygging til andre deler av bygget om det skulle bli ønskjeleg.

Godt samarbeid

I samtalen med Geir Frøysa trekkjer han fram fleire og han rosar det gode samarbeidet mellom fleire som har prega det store byggeprosjektet. HT Bygg Hellesylt har samarbeidspartnarar som gjer ein god jobb, Plato med ventilasjon, Møre Miljøsanering har gjort framifrå jobb, EL 24 skal ha installasjon, Sun-Rør vatn og sanitæropplegg, og samarbeidet med ARK arkitekter og ingeniører har vore veldig godt.  Han legg til at det med nærheita og det at dei fleste har kontor på Stranda har vore av stor fordel.

Sunnylven skule er «strippa» ned, heilt inn på betongen. Her frå kranselaget tidlegare i haust der mellom anna anleggsleiar Geir Frøysa t.v. og prosjektleiar Tarjei Korsbrekke er i samtale med ordførar i Stranda Jan Ove Tryggestad

Er raus med ros

Frøysa trekkjer også fram Stranda Energi som viste stor velvilje slik at trafoen i skulebygget vart flytta til utsida. -Der fekk vi frigjort 16 kvadratmeter i bygget, og samtidig vart toalett og uverskuret innebygt med ny garderobe. Det einaste negative er at uverskuret forsvann, så der må ein kanskje få til ei anna løysing etter kvart.
Og når anleggsleiaren fyrst er i gong med å dele ut verbale roser fell det mange også på tømrarar og andre tilsette som jobbar på bygget, på prosjektleiar Tarjei Korsbrekke, kranførar og bas Arne Frøysa, og ikkje minst Krystof Fijalka.
-Krystof har 13 år i HT Bygg og fungerer som formann. Dette på grunn av god fagleg innsikt, og gode språkkunnskapar, kvalitetar som gjer han til «limet» mellom norske og utanlandske arbeidarar i firmaet.
Dei fleste av dei polske arbeidarane er no reiste heim til jul. Dei har jobba godt utan haustferie grunna korona, men no er dei heime til ein fortent juleferie, seier Geir Frøysa. Dei er tilbake i midten av januar.

Tett bygg

Sunnylven skule skal kledast utvendig med vedlikehaldsfrie materiale i tre og stein. Fram til jul skal bygget gjerast tett og det skal setjast på varme, og så blir det innredning for fullt etter jul.
Vi er i rute. Sjølv om det alltid er vanskeleg å bedømme framdrifta, trur eg Sunnylven skule kan takast i bruk igjen i løpet av hausten 2021, så om eitt år blir det juleavslutning i bygda sitt nyrenoverte læringsbygg igjen, avsluttar anleggsleiar i HT Bygg Hellesylt, Geir Frøysa.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380