Gode song og musikkrefter fylte kyrkja

Det vart julekonsert i Sunnylven kyrkje søndag 20. desember. Konserten var utan publikum, men sendt over internett, og stadfesta at song og musikklivet blømer godt i Sunnylven.

Det var Sunnylven skulekorps med blankpussa instrument som opna julekonserten i Sunnylven kyrkje søndag kveld. Dirigent Trond Otto Berg hadde sett saman eit repertoar av kjente juletonar frå inn og utland, og i det store kyrkjerommet klang det godt. Skulekorpset er bygda sitt «kulturtre», og leverte så det imponera mange. Under julekonserten var korpset forsterka av tidlegare medlemer, stødige musikarar som bidrog godt i den musikalske framføringa. Men dei fleste i korpsrekkene er sjetteklassingar, og at dei kan spele med slikt trøkk og slik presisjon imponerte også dirigenten, røpa han..

Mange «greiner»

Men «kulturtreet» i Sunnylven har mange greiner, nokre kjente og kjære, men også nye som veks fram. Hellesylt songlag har mange julekonsertar bak seg, og sjølv om rekrutteringa av medlemer nesten har vore fråverande dei siste åra, stiller åtte, ti damer på som prosjektkor til julekonserten. Å høyre Jakob Sande sin vakre julesong «Det lyser i stille grender» vart eit høgdepunkt også denne gongen. Her song 11 år gamle Ingeborg solo på eitt av versa, om guten som måtte ha høy til pute. Songlaget har gode solistar i Oddbjørg Stadheim i «Himlen i min famn», og Kristin Storstein som også song åleine «Lys i mørketida».

Unge aktørar

Innslag i julekonserten viste at «kulturtreet» stadig får nye greiner. Mange skuleelevar og unge prega lista over aktørar der Anna Storstein Forbord var ei av dei, og som mange kjenner som solist i ungdomsbandet Kilt. Søndag kveld stod ho fram i kyrkja og song til tonefølgje på piano av Gunnar Inge Eide. Vi fekk innslag med felejentene leia av Synnøve Hjellbakk Hole, og der unge Tonje Støverstein song og spela til «Nordnorsk julesalme» av Trygve Hoff.

Spela fleire instrument

Julekonserten hadde også instrumentale innslag av eldre musikarar. Erik Torset var med både i korpset, og på gitar til songinnslag, og konserten baud på samspel av Trond Otto Berg, Synnøve Hjellbakk Hole og Gunnar Inge Eide på trompet, fele og orgel. Avslutninga av Eide på kyrkjeorgelet der han «leika» seg litt rundt fleire kjente julesongar var mektig og gav til kjenne at Sunnylven kyrkje ikkje berre er ei flott konsertlokale, men har organist og eit orgel av det beste i nære områder. Til slutt song alle med på «Deilig er jorden».

Takka for flott konsert

På vegne av arrangøren takka soknerådsleiar Stig Tryggestad alle aktørane så mykje for ein ny, flott julekonsert. Situasjonen i år gjorde at publikum måtte høyre konserten over internett, men på den måten nåde ein kanskje også mange som ikkje hadde kome seg til kyrkja, sa Tryggestad. Han overrekte blomar til dirigentar og leiarar og takka så mykje for nok ein flott julekonsert i Sunnylven kyrkje.

Sjå julekonsert 2020 her; https://www.facebook.com/SunnylvenKyrkje/videos/441028516928393/

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380