Godt badevatn under solsnulauget

Sissel og Astrid var dei fyrste til å hoppe i sjøen under solsnubading 2020.

Ein dag før «sola snur» var det solsnubading på badestranda på Hellesylt, eit årleg arrangement frå 2014. Sjøbadet i Sunnylvsfjorden var godt på søndag med fløande sjø og to-sifra temperatur.

Med sjøtemperatur over 11 pluss var det lite grøssande lydar å høyre under solsnubading på badestranda på Hellesylt søndag. Og arrangøren Hellesylt Ungdomslag kunne heller ikkje klage på deltakinga som var rekordstor denne gongen. Også på land var det folksamt og talde mange som hadde teke fri frå julestria ei stund for å sjø på solsnubadarane.
Mellom mange flittige sjøbadarar heile året frå Hellesylt, var det denne gongen deltaking også frå andre bygder, mellom anna fleire damer frå pizza-fabrikken på Stranda. Det var ein gjeng som fargela arrangementet flott i rødt, og som vi trur arrangøren håper å sjå ved nye arrangement seinare.

Sterkt innslag av tilreisande, i julenissen sine fargar

Ny rekord

Det var litt vanskeleg å telje eit nøyaktig tal då nokre av sjøbadarane, som nesten berre var damer, tok dukkerten to gonger. Men anslagvis var det godt over tjue i år og det er ny rekord, sa HUL-leiar Marianne Fivelstad. I rekordåret i fjor deltok 19, sa ho.
HUL-leiaren hadde jobb med å servere rykande varm gløgg og pepperkaker, ein fast meny under solsnubading på Hellesylt.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380