Notiser

Har stadfesta reguleringsplan

Frå eit område i Langeland / Tryggestadskogen. Fivelstadnibba i bakgrunnen.

Fylkesmannen har stadfesta Stranda kommune sitt vedtak for områdereguleringsplan Langeland / Tryggestad. Vedtaket kan ikkje påklagast og er endeleg.

Saman med vedtaket frå fylkesmannen ligg også ei lang orientering om saksgangen fram til vedtaket for reguleringsplan for Langeland / Tryggestad. Til siste behandling i Stranda kommunestyre kom det inn klage frå berørte partar til planområdet, men desse vart ikkje teke til følgje av fylkesmannen. Vedtaket om reguleringsplan for eit område på 628 dekar, og som kan innehalde både industri, hus og hyttebygging, er endeleg, og kan ikkje påklagast, heiter det frå fylkesmannen.

Grunneigarmøte

Stranda kommune inviterer til grunneigarmøte på Øcal restaurant torsdag 17. desember om reguleringsplanen for Langeland / Tryggestad. Alle med interesser i området er invitert, og frå kommunen møter varaordførar Svein Erik Rimstad, rådmann Åse Elin Hole, kommunalsjef plan og utvikling Einar Lied, og kommuneadvokal Reidar Andresen.
Kommunen skriv i invitasjonen at dei ønskjer å sjå på mogleheitene for å realisere planen, og ønskjer å kome i dialog og få fram synspunkt frå grunneigarar og andre.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380