Hyggjeleg kulturkveld på samfunnshuset.
Knut A. Hole kunne ønskje fram mot 150 vel møtt til kulturkveld fredag. Denne festen inneheldt forutan program også mat og kaffi og trekning i ei utloddning som arrangørane, Sunnylven Samfunnshus P/L har hatt gåande. Knut A. Hole vona at også samfunnshuset kunne få sin del av midlane som lag og organisasjonar får frå bygdefolket, gjennom tilstelningar og lotteri, og han sa seg svært glad for at så pass mange hadde teke seg fri frå TV-et til eit sosialt samvære på samfunnshuset denne fredagskvelden.
Første programinnslag stod barnekoret for. Med tonefylgje av Elisabeth Runde på piano og Bjarne Sjåstad på gitar song dei tre songar. Dei opna med «Barn av regnbuen» og deretter fylgde «Jesus, eg vil gje deg min lovsong» og «Jesus er songaren i mitt liv». Og dei fekk fin attest frå programleiaren for framføringa si: – det var så naturleg og reint at vi kunne høyrt på dei heile kvelden, sa Hole, då han takka for innslaget.
Kjellstadguten Spelmannslag inntok så scena og opna med den kjende «Bruremarsj» av Ola Kjellstad. Så følgde ein mazurka, før dei avslutta si avdeling med «Vossavalsen».
-Eg har fått den utfordringa at ein programleiar må kunne bidra med noko meir enn å leie festen, sa Knut A. Hole, og fann fram gitaren. Så fekk vi høyre Evert Taube sin vakre «Sjøsalavals», om slitaren Rønnerdal som likevel beheld sitt gode humør i samveret med naturen rundt seg.
Programleiaren viste og fram den flotte gåva som Marit Stadheim har gjeve til samfunnshuset. Eg vonar at kan halde løftet til henne om å få henge dette nydelege teppet opp i eit tilbygg til samfunnshuset, sa Hole.
Interessant kåseri med lysbilete.
Sokneprest Svein Runde viste så lysbilete og kåserte om sitt opphlad på Curacao, der han ei tid var både assistent og vaktmeister ved sjømannskyrkja, ei kyrkje som no diverre er lagt ned. Gjennom det interessante kåseriet fekk vi eit innblikk både i sjømannskyrja sitt arbeid og den betydning ho hadde for sjøfolk som kom dit. Samstundes fekk vi og innsyn i dei sosiale tilhøva på denne vesle koralløya i det Karibiske hav. Her var det store sosiale ulikskapar mellom den fattige og dei som tente gode pengar i eit multinasjonalt oljeselskap si teneste på øya.
Curacao var mellom anna viktig som omskipningshamn og raffineristad for olje frå nabolandet Venezuela, fortalde Runde. Vi fekk elles sjå at folk innretta seg der som vi gjer her i mange samanhengar. Også i byen Runde heldt til hadde pensjonistane sin benk, som var møtestad og utvekslingsstad for mang ei god historie. Runde fortalde og at sjømannskyrkja der var bygd om med stor innsats mellom anna av noverande prost i Ålesund, Bjørn Siem.
Konkurranse.
I programmet hadde arrangørane av kulturkvelden og laga til ei bordkonkurranse med spørsmål av lokal tilknytning. Og her vart dei tre beste borda premierte, før det var kaffi og kaker og få kjøpt – og så trekking av kransekaker, pinnekjøt og mange andre fine gevinstar.