Notiser

Jegera felte femhundre hjort

I heile Stranda kommune vart det til 28. desember innrapportert 493 felte hjort i jakta hausten 2020. Truleg manglar nokre innmeldingar, heiter det frå viltnemnda.

Fristen for innmelding frå jaktleiarane er 14 dagar etter jaktslutt som var 23. desember.
Nokre vald har gjort ein serdeles god jobb ut frå dei tal som er rapportert inn, skriv sekretær i viltnemnda Asle Johan Bergseth Konnerth, og nemner nokre av jaktvalda, Fausadalen, Nedre Sunnylvsbygda, Liabygda og Langedalen. Han trur at talet på 493 felte hjort vil auke dei neste dagane då det ikkje er kome inn sluttrapport frå alle jaktvald enno.

I heile Stranda kommune vart det delt ut vel 700 fellingsløyver sist haust. Jakta vart ikkje heilt som det vart håpa på, rundt 600 felte dyr, men litt betre enn i fjor då 463 hjort stubba for jegerar rundt om i 15 jaktvald.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380