Notiser

Jenny Klinge på topp for Møre og Romsdal Sp.

Stortingsrepresentant Jenny Klinge er klar for fire nye år på tinget. Her i Åsen saman med Jan Ove Tryggestad under eit besøk i Sunnylven for nokre år sidan.

Møre og Romsdal Senterparti har halde digitalt nominasjonsmøte og sett opp valliste til Stortingsvalet 2021. På fyrste plass står Jenny Klinge frå Surnadal.

Det vart både god kjønnsfordeling og geografisk spreiing på kandidatane til Stortingsvalet 2021 for Møre og Romsdal Senterparti då dei gjorde unna nominasjonsmøtet siste helga i november. På topp kom som venta noverande stortingsrepresentant Jenny Klinge frå Surnadal, og på dei neste plassane kom Geir Inge Lien, Vestnes og Per Ivar Lied, Ørsta, med slektsrøter frå Liabygda. Stranda kommune sin Sp-ordførar Jan Ove Tryggestad kom på femte plass, etter Ingrid Waagen, Tingvoll.

Heile lista er her: https://www.senterpartiet.no/lokallag-og-fylkeslag/more-og-romsdal/aktuelt/nominasjonsmote?fbclid=IwAR3Kacn1w3DeYydL1K0byUzpM2F_7JsYDq9aNL-AxOLrTb_VYJAEY1bMYx8

Stortingsvalet og sametingsvalet 2021

I statsråd 6. mars 2020 er valdagen for Stortingsvalet og sametingsvalet 2021 fastsatt til måndag 13. september 2021. Men om ønskjeleg kommunestyre vedta at det kan haldast val også søndag 12. september 2021, jf. valgloven § 9-2 (2).
Stortinget har vedteke å behalde 19 valdistrikt ved stortingsvalet i 2021. Dei 19 valdistrikta ved stortingsvalet i 2021 føl i all hovudsak den gamle fylkesstrukturen, men med nokre endringar grunna regionreforma.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380