Julegåver på Hellesylt Boutique & Bar

Hellesylt Boutique & Bar har god kaffi og praktiske og smakfulle julegåver. Eigar av kaffibaren, Ellen Angelika Fivelstad har ope for gokjøp og peiskos mange dagar både før jul og i romjula.
Kvar helg fram til jul er det ope på Hellesylt Boutique & Bar. I tillegg til å kjøpe kaffi kan du handleg gode og praktiske julegåver av Ellen. I hyllene står både god og nybrend kaffi, men også andre artiklar som mange heilt sikkert bli glade for å få.
Eigar av kaffibaren reknar opp nesten fortare enn vi rekk å notere når vi spør kva som kan kjøpast og bli pakkar under juletreet. I tillegg til kaffi kan ein kjøpe Hellesyltkalender, badenett med påtrykt bilete av badehuset, og med påfyll av valfrie varer som Nordnes cola, saft, is eller bok. Også fleire buffar med namn på Sunnmørsfjell og høgde, eller det siste frå designar Anne Jorun Sæten, eit handlenett med motiv av Helsetkopen og Tom Cruise.
-Her kan du finne den perfekte julegåva til utflytte sunnylvingar, reklamerer Ellen Angelika Fivelstad.
Ho har open kaffibar laurdag og søndag 12. og 13 desember, og 19. og 20. desember.
I tillegg ope i romjula frå 3. juledag.