Julegudstenester etter nye krav

Ann Kristin Langeland var vikarprest i Sunnylven kyrkje julaftan.

Sjølv om mykje har vore endra dei siste månadane, kalla kyrkjeklokka til familiegudsteneste i Sunnylven kyrkje også denne julaftan. Frammøtet var begrensa, men vakker musikk, julesongar og juleevangeliet var det same som alltid.

Grunna korona var antal frammøte på gudstenesta julaftan begrensa i år, men i staden vart det halde to gudstenesta i Sunnylven kyrkje. Talet var sett til 50 på kvar, men det vart god plass på begge. Heller ikkje salmesong skulle vere lovleg grunna koronasmitte i år, men den høgreiste kyrkja i Sunnylven har god plass, så her song kyrkjelyden med i dei vakre julesongane til tonefølgje av Lars Kvam Karbø på orgelet.
På begge gudsteneste heldt vikarprest Ann Kristin Langeland preika, Astrid R. Ringdal og Ingebjørg Fivelstad var tekstlesarar, og Kristin Storstein og Oddbjørg Stadheim var forsongarar på julesongane på kvar si gudsteneste, og framførte også solosongar.

Til trass for at julaftan-gudstenesta ikkje var slik sunnylvingar er vande med, trur vi dei frammøtte fekk den gode julestemninga i kyrkja. Og den vart kveikt alt under opning med julesongen «Det lyser i tille grender». Vakrare kan knappast ei julaftan-gudsteneste starte.

Og vikarprest Ann Kristin Langeland var som alltid interessant og reflektert å høyre. Ho formidla jula sitt bodskap, verdiar, og gleda som høgtida gjev både store og små på ein klar og forståeleg måte. Godt jobba av vikarpresten som får nye oppgåver på nyttårsaftan.
At bygda Sunnylven også har gode songsolistar, og musikarar heime på juleferie som berre er å «hanke» inn er verdiar som ikkje alle er forundt.

Oddbjørg Stadheim med song og Lars Kvam Karbø både på orgel og piano gav ekstra påfyll julestemning under gudstenesta julaftan.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380