LokalnyttLokalsport

Kristian Frøysadal Hauge med klassesiger i Heimebanecupen

Kristian Andre Frøysadal Hauge, storskyttar frå Sunnylven skyttarlag som vann klasse eldre junior i Heimebanecupen 2020.

I korona-året har Det Frivillige skyttarvesen arrangert konkurransar på ny måte, som Heimebanecupen 2020. Her deltok også skyttarar frå Sunnylven skyttarlag og leverte gode prestasjonar.

Ein skytesesong prega av coronapandemi har skapt andre konkurransar enn vanleg i Det Frivillige skyttarvesen. Ein av dei har vore Heimebanecupen 2020 arrangert av Høland og Bjørkelangen skyttarlag saman med Team Sørlie.

Innandørsskyting

Ein landsomfattande konkuranse som skyttarlaga rundt om i heile landet har skote på sine eigne baner, og som det har vore livsending ifrå. Det vart arrangert eitt stemne for veka i 8 veker der resultata har blitt rapportert inn til stemnearrangøren Høland og Bjørkelangen Skyttarlag og Team Sørlie. Dei 4 beste resultat for kvar skyttar har vore teljande samanlagt i cupen. Programmet for skytinga har vore eit 35 skot utandørs stemneprogram tilpassa for 15 meter innandørsskyting.

Vinnar av klasse 3-5 vart skyttarkongen Daniel Sørlie frå Høland Bjørkelangen Skytterlag med 1394 p. Nr 2 vart Anton Rudland frå Ringebu og Fåvang sktl. også han fikk 1394 p. På 3 pl. kom Runar Tveito frå Lunde Sktl. også han fikk1394 p. Her var det sentrumstiarane som skilte skyttarane.

Vann eldre junior

Sunnylven skyttarlag sine skyttarar som deltok, viste seg fram med god skyting. Kristian Frøysadal Hauge gjekk like godt heilt til topps i  Eldre Junior klassa med 1383 poeng, Han vann føre Hanna Johansen Time Skt.lag 1377p. Nr 3 vart Øystein Breden frå Otta Skt.lag med 1374p.  Eldre Junior  klasse skyt same programmet som kl. 3-5. Knallsterk skyting av Kristian.

I kl 5 vart Ivar Fivelstad nr 67 med 1370 p.
I kl 4 vart Ola Vangen nr 28 med 1355 p.
I kl. Eldre Rekrutt vart Ørjan Frøysadal Hauge nr 19 med 1381p.
I kl Junior var Isak Frøysadal Hauge nr 23 med 1373 p.

Sunnylven Skyttarlag

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380