LokalnyttLokalsport

Kristine Hjellbakk Hole med godt langrenn

Kristine Hjellbakk Hole, NTG-L/Sunnylven IL opna langrennsesongen med sjette plass på Sjusjøen laurdag. (Foto frå arkivet)

Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL sin gode langrennsløpar gjekk inn til sjette plass i K 19/20 år under Natrudstilrennet på Sjusjøen laurdag.

Kristine Hjellbakk Hole er framleis 18 år og trenar for å gjere det godt i langrennsporet. Til dagleg er ho elev ved NTG-Lillehammer der også mange av hennar argaste konkurrentar held til. Mellom dei er Anna Heggen, Svea Skilag som vann klassa på Natrudstilen. Også ho er som Kristine 18 år, og dei to vart nr. 1. og 2 i rennet som 18-åringar.

Under rennet over 5.0 km. skøyting kom Kristine Hjellbakk Hole i mål 36 sek. bak Heggen, men var berre 9. sek. frå pallplass.
Og skia var gode, dei ordna far Hans Hole, fortel ho.
-Eg trenar så mykje eg får tid til, men det varierer litt på grunn av koronasituasjonen. Sist veke var vi frå NTH-L på samling på Hafjell, og neste held er det nytt renn på Hamar, eit krinsrenn med både sprint og distanserenn.

Alt er litt vanskeleg i desse koronatider, seier Kristine Hjellbakk Hole som må ha heimeskule på Lillehammer i komande veke. Etter rennet på Hamar neste helg er det heim til jul på Lillebø, noko Sunnylven IL sin beste langrennsløpar gleder seg til.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380