Nesten som i nissen sitt hus

Har laga flotte skjerefjøler, frå venstre Saga-Emilie, Kai Adam, Erle, og Siv-Anita.

Tradisjonen tru vart det juleverkstad på Sunnylven skule også i år. I kyrkjelydshuset i Hellesylt sentrum jobba elevane i småskulen og mellomsteget trufast, og fekk god rettleiing av sine lærarar.

Småskulen og mellomsteget har Sunnylven kyrkjelydshus som skule under renovering av rette skulebygget lenger bort i gata i Hellesylt sentrum. Læringsbygget det komande skuleåret fungerer godt også som juleverkstad. For flotte ting, både julepynt og sikkert også gåver var produsert med liv og lyst over alt i bygget.

Julenisseverkstad

Hellesylt.info med pålegg om å følgje gode smittevernreglar fekk lov å kome innom for å sjå kva som vart laga på juleverkstad. Det var nesten som å kome inn til ein viss juleperson sin verkstad, i alle fall var dette det nærmaste vi kom julenissen og hans hus i år.
Av ting vi kunne sjå var nablus julepynt, sying av julestrømpe, konglejuletre med lyslenke, skjerefjøl med innsvidde motiv, ein spesiell evigheitskalendar, og enno mykje anna.

Flotte konglejuletre med lyslenke, frå venstre Adrian, Emil, Saga-Emilie og Tora. Lærar Ruth Hole Aaland gjev gode råd.

Førjulstid nesten som vanleg

-Juleførebungane har i år, sjølv i desse korona-tider gått nesten som før om åra her hos oss, fortalde lærar Inger Marie Bakke. Ho kunne også fortelje om mykje anna som har skjedd og skulle skje i førjulstida fram til skuleslutt fredag 18. desember.
-Vi har hatt kulturskulekonsert, i dag er det juleverkstad for 34 av dei yngste elevane, ungdomssteget som held til i Hauge skulehus skal ha juleverkstad tysdag 15. desember.
I morgon på torsdag blir det baking av Lusse-kattar, men kva som skjer med Lusia-toget er litt usikkert, sa Inger Marie. Og det blir ikkje vanleg juleavslutning ved skulen i år grunna korona-epidemien, men enkel avslutning klassevis. Det blir heller ikkje julegudsteneste siste skuledagen før jul.

Markus t.v. og Trym har laga seg kvar sin evigheitskalender av treklossar.

Munnbind og hanskar

Som tradisjonen har blitt stilte damer frå Sunnylven sanitetslag opp for å laga i stand lunsj-måltid til elevar og lærarar. Dei tok smittevern på alvor med munnbind og hanskar.
-Kjempeflott å få servering frå sanitetslaget, det set vi alltid pris på. Vi fekk brødskive med sunt og næringsrett pålegg, kakao og ein mandarin kvar, fortalde Bakke.

Matglede i fokus i saniteten

Leiar i sanitetslaget, Kari Hauso Stadheim fortel at sanitetslaget har lang tradisjon med å servere eit måltid til skulen under juleverkstaden. I år er også fokus til Norske kvinners sanitetsforeining å skape inkluderande møteplassar med gode matopplevingar. Skulemåltid er eitt av tiltaka, eit anna var tidlegare i haust på Sunnylven omsorgssenter, både under saniteten si veke, då kjøpte laget inn godt og variert pålegg, og i starten på advent vart det bløtkaker som bebuarane fekk seg servert. Vi håpa det var eit godt bidrag til matglede for dei som bur på omsorgsheimen, seier ho.

Ari tok symaskina i bruk for å lage seg julestrømpe

Nye elevar ved Sunnylven skule

Sjølv om korona-året 2020 hadde vore litt vanskeleg hadde det gått bra ved Sunnylven skule, sa Inger Marie Bakke. Gode smittevernreglar har blitt følgde og ingen har blitt råka av epidemien. Å halde skule på ny stad under renovering av det rette skulebygget hadde også gått svært så bra. Og alle ved skulen gleder seg til skulestart etter nyttår, for då kjem det tre nye elevar, ein gut i fyrste klasse, ei jente i andre og ei jente i tredje klasse. -Kjekt, sa Inger Marie Bakke.

Og Ane har klipt tøyet til julestrømpa. Då er det symaskina neste.

Lærar Marte Kalvatn har leita fram boremaskina for å hjelpe. Skjerefjølene må ha eit hol.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380