Nye omstillingsmidlar til reiselivet

Regjeringa har stilt til disposisjon nye 300 millionar for reiselivsnæringa til å gjennomføre omstillingsprosjekt i samband med koronakrisa.
Ordninga vert forvalta av Innovasjon Noreg og søknadene vert handsama regionalt. Alle bedrifter uansett storleik og geografisk lokalisering kan søkje. Bedriftene må kunne vise til eit gjennomsnittleg omsetningsfall på minimum 30% i oktober og november 2020 samanlikna med same periode i fjor. Bedriftene må også vere innanfor gitte næringskodar. Nytt i denne utlysinga er at kongress-, messe- og utstillingsverksemd og impresarioverksemder kan søkje, og at føretak som ikkje hadde omsetning i 2019 kan bruke januar og februar 2020 som samanlikningsgrunnlag. Søknadsfristen er 20. desember 2020. Les meir her: https://www.innovasjonnorge.no/no/tjenester/reiseliv/nye-300-millioner-kroner-til-omstilling-av-reiselivsnaringen/
Tysdag 8. desember kl.13.00-14.00 arrangerer Innovasjon Norge eit webinar (nasjonalt) der dei går nærmare gjennom ordninga og der det også blir mogleg for å stille spørsmål. Sjå lenke til Facebook: https://www.facebook.com/events/1081961405559433. Det er ikkje naudsynt å melde seg på. Ope for alle