Opplevde fleire årstider på Helsetkopen

Helsetkopen, det flotte fjellet har fått vinterdrakt, tre månader etter at filmfolka var ferdige med jobben.

Å opphalde seg i storm på Helsetkopen er tøffe greier, men langt frå umuleg, det kan mannskap frå Stranda Røde Kors bekrefte. Dei opplevde alt slag ver under beredskap –og vakthald i samband med innspeling av filmen Mission Impossible 7.

Stranda Røde Kors vart hyra inn som vaktmannskap under filminnspelinga av Mission Impossible 7 på Hellesylt og i Sunnylven. I tilfelle skader hadde dei mellom anna base oppe på Helsetkopen, men også mannskap i lavlandet, både ved Helsetvatnet og på Hellesylt.

Berre litt plaster

-Det vart ikkje større uhell, nokre små sår som vi plastra og klemskade. Men å opphalde seg oppe på Helsetkopen var friskt enkelte dagar. Der var målt vindkast opptil 50 meter i sekundet, noko som er orkan styrke, fortel Per Inge Jelle, leiar i Stranda Røde Kors.

Ei diger rampe vart bygd oppe på Helsetkopen for motorsykkelstøntet.

Budde i lita brakke

Hellesylt.info møtte Jelle til ein liten prat på Stranda før ny tur i sin faste jobb i ambulansetenesta. -Å setje saman vaktmannskap og organisere ting rundt vakttenesta på Helsetkopen tok tid, gjerne eit par timar kvar dag. Dette også pga. endringar rundt oppdraget med til dømes dårleg vêr som det var til visse tider under innspelinga. Oppe på ϐjellet hadde vi ei vaktbrakke, men ikkje det store rommet, dette begrensa antall personar.

Innspelinga var under korona-pandemien, ein situasjon som vart teke på største alvor der alle som skulle i vaktteneste blei testa, og det vart gjort så grundig som råd for at smitte ikkje skulle spreie seg. Også det gjekk bra.

Sju gonger kom Tom Cruise på sin motorsykkel ut i lufta frå det 1246 meter høge fjellet.

Hyggeleg møte

Opplysningar kring filmopptaka til Mission Impossible 7 var vanskeleg å få, og heller ikkje detaljer av kva som skjedde på Helsetkopen kome det ut mykje av. Men ein dag fekk Røde Kors-mannskapet på Helsetkopen overraskande besøk av Hollywood-stjerna Tom Cruise.

. -Ein dag tidleg under innspelinga fikk vi eit hyggeleg besøk då Hollywood-stjerna Tom Cruise stakk innom vaktbua og slo av ein liten prat. Han kom inn på fleire ting som naturen, veret, Røde Kors og om vaktbua vi budde på var bra nok. Interessa og det at han var oppteken av så jordiske ting, midt under filminnspelinga viste oss at den berømte mannen også er ein jordnær kar, at berømmelse ikkje har fjerna han frå kvardagslege ting, seiwer Jelle 

 

Det vart sju motorsykkelturar for Tom Cruise ut frå den høge rampen oppe på Helsetkopen. Syklane fall i juvet under fjellplatået og vart vrak, men Cruise landa trykt og utan skadar i sin blå fallskjerm på flata ved Helsetvatnet. Og det vart ingen større jobb for mannskap frå Stranda Røde Kors, noko dei sikkert var glade for.

Feira 70 år i fjor

Heldigvis for Stranda Røde Kors vart det få oppdrag og lite å gjere under filminnspelinga i Sunnylven. Men om uhell og andre situasjonar hadde dukka opp hadde nok mannskapet takla også det. Stranda Røde Kors vart skipa i 1949 og feira såleis 70 år i fjor. Arne Langlo var den fyrste leiaren i laget, og seinare har mange både kvinner og menn hatt leiaransvar. Jubileumet vart markert på Røde Kors-huset på Stranda i oktober. Det var ope hus der ein fekk vist fram utstyr og fortalt om alle våre aktivitetar. Mange var innom Røde Kors-huset denne dagen, der det vart servert kafϐi og kaker, samt koldtbord til dei som kom innom for ein prat. Det var også gjester frå blant anna kommunen, nødetatane og frå Norges Røde Kors, forteller Jelle.

«Hjartebarnet» for leiaren

Per Inge Jelle er leiar for Stranda Røde Kors i dag, eit tillitsverv han hatt dei siste 14 åra, samt han var leiar/nestleiar i perioden 1995 – 2002. For Jelle har Røde Kors vore eit «hjartebarn» heilt frå slutten av 1970-talet, både som styremedlem, leiar og andre verv lokalt.

Per Inge Jelle, her saman med to RØFF-medlemer på Hellesylt i 2015, Ellinor Fivelstad og Linda Ludvigsen.

Han har også vore nestleiar og styremedlem, samt andre tillitsverv i Møre og Romsdal Røde Kors i ei årrekke.
For innsatsen har han blitt heidra med både fortjenestediplom med nål, Norges Røde Kors Hjelpekorpsmedalje og Norges Røde Kors Fortjenestemedalje.
Det han særleg brenn for i Røde Kors er beredskap og førsthjelp.
-Det er viktig at flest mulig lærer seg førstehjelp. Det å hjelpe folk som skader seg, både betyr mykje og gir mykje for meg som røde korser, seier han. Eller det å kunne bidra til at eldre og barn får ein bedre kvardag. Sanitetsvakter på arrangement er også ein del av kvardagen, som vakt på Strandaϐjellet Skisenter, der han har vore sanitetsvakt som frivillig røde korser i over 40 år.

-Som leiar er det viktig å ha dyktige aktive medlemmer rundt seg skal arbeidet lykkast, og eg er heldige som har mange dyktige og ϐlinke tillitsvalgte og medlemmer i Stranda Røde Kors, seier han.

Stranda Røde Kors har fyljande avdelinger; hjelpekorps, besøkstjeneste/omsorg og RØFF (røde kors friluftsliv og førstehjelp for ungdom), samt transporttjeneste og beredskapsvakter i alle bygdelag i kommuna: – hjelpekorpset har ca 35 aktive medlemmer – besøkstjenesta/omsorg har ca 20 aktive medlemmer – RØFF har ca 15 aktive medlemmer – beredskapsvakter ca 60 medlemmer.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380