Pianoet frå Beate Hole vigsla i kyrkja søndag.

Det var høgtid og glede ved velsigninga av orgelet som kyrkjelyden har fått i gåve frå Beate Hole. På biletet står gjevaren ved det vakre instrumentet, der Elisabeth Runde prøver den vakre klangen.

Under familiegudstenesta i Sunnylven kyrkje søndag, vigsla sokneprest Svein Runde det nye pianoet kyrkja har motteke som gåve. Og Runde var glad for å få fortelje at gjevaren var Beate Hole og at han no på vegne av kyrkjelyden fekk lov å takke henne for den storfelte gåva. Frå kordøra las Runde ei helsing frå Beate Hole, der ho fortalde om bakgrunnen for gåva. Pianoet ho har gjeve er eit kvalitetsinstrument av merket Schimmel til ein verdi av kr. 25.000,- Under gudstenesta medverka og barnekoret, og fire fire-åringar fekk seg tildelt «Mi kyrkjebok».

Før vigslinga av pianoet fortalde Svein Runde at gjevaren hadde fått ideen til denne gåva då ho høyrde barnekoret i deira første framføring i kyrkja. Då måtte dei bruke eit lånt piano. Så las Svein Runde ei helsing til kyrkjelyden i Sunnylven frå Beate Hole. Ho skriv i helsinga: «Til kyrkjelyden i Sunnylven. I takksemd for alt som er gitt meg i mi heimbygds kyrkje gjennom dåp, konfirmasjon, vigsle og no sist i gravferda til min kjære mann, Ivar N. Hole. Eg fekk hug til å gje ei minnegåve, eit piano som eg vonar vil bli til signing og hjelp i barne- og ungdomsarbeidet i Sunnylven. Eg helsar med Davids salme nr. 100:

Lat hyllingsrop lyda for Herren!
Ein salme til takkeofferet.
Lat hyllingsrop lyda for Herren, all jorda !
Ten Herren med glede,
Kom fram for han med fagnad!

Skjøn at Herren er Gud !
Han har skapt oss, ikkje vi sjølve, til sitt folk og til den hjord han gjæter.

Gå gjennom hans portar med takkesong, inne i hans tempelgardar med lovsong !
Lov han og pris hans namn!
For Herren er god, hans miskunn er evig, hans truskap varer frå ætt til ætt.

Helsing Beate Hole.

Vakker korsong.

I gudstenesta medverka elles på ny barnekoret, og dei gledde ei fram mot fullsett kyrkje med vakker song. Særleg vakker var avslutningssongen deira. Elisabeth Runde akkompagnerte på det nye pianoet, og Bjarne Sjåstad på bassgitar. Han var og dirigent. Konfirmantane medverka med tekstlesing og las føre i bøner og gudstenesta var i det heile tatt lagt opp med dei unge i sentrum.

«Mi kyrkjebok» til fireåringane.

For dei berre fire 4-åringane i bygda var det ei stor stund å få kome fram i koret og ta mot «Mi kyrkjebok». Dessutan vart det på grunn av den ufattelege tragedia i Colombia teke opp eit spontan-offer ved utgangen. Og her kom det inn heile kr. 2467,- som i si heilheit vert sendt vidare gjennom Kirkens Nødjelp.

Ein stor dag for desse fire fire-åringane som fekk kome fram og ta mot «Mi kyrkjebok» frå sokneprest Svein Runde. Frå v.: Leif Arne Fivelstad, Torill Merete Alme, Martin Olav Auflem og Ragnhild Stadheim.

Denne artikkelen var publisert i Sunnylvingen 20. november 1985.

Gunnar Sårheim Fivelstad

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info