Rasteplassen på Vardegjølet ferdig
Gamlevegen frå Rindekroken ved Frøysa til Vardegjølet er rydda og god som turveg. Og på høgste punktet er rasteplass med bålpanne og plass til mange rundt eit steinbord.
Opprustinga av turvegen over Vardegjølet starta i sommar med dugnad og hjelp av statlege korona-middlar. Det vart søkt og prosjektet fekk ca. 70.000.- kroner til skogrydding, grøfting, til grillplass med bålpanne og steinbord. Også eit sikringsgjerde er på plass på det høgste punktet over Vardegjølet.
Inge Bjørdal har koordinert mykje av arbeidet, og melder no at prosjektet er ferdig.
-Alle som har lyst å gå tur etter den gamle kløvvegen i Berga kan fritt nytte seg av rasteplassen og bålpanna. Eit godt alternativ for juleselskap i desse korona-tider, seier han.
-Mange synest det høyrast lite seriøst ut, men det kan skje og bli stor pågang om veret held seg like fint framover. Det kan vere lurt å tinge både plassen og bruk av grillpanna, skjemtar han.
Mykje av arbeidet er gjort på dugnad, men det måtte leigast inn traktor med vinsj for å ta ut større skog, og det vart kostnader til bålpanne og oppsetjing av gjerde.
Bjørdal håper mange går turvegen og nyttar seg av rasteplassen.