Raus gåve frå Gjensidigestiftelsen

Tor Arne Tryggestad er styreleiar i Sunnylven samfunnshus. I fleire år har han planlagt for plassering av stand under Hellesyltdagane, mellom anna inne på samfunnshuset. (Foto frå arkivet)

Sunnylven samfunnshus har fått 800.000.- kroner i gåve frå Gjensidigestiftelsen. –Ei fantastisk julegåve til storstova i bygda vår, seier styreleiar Tor Arne Tryggestad.

Sunnylven skule og samfunnshus er under totalrenovering. Det er Stranda kommune som er byggherre og HT Bygg Hellesylt som utfører arbeidet.
I den samanheng ønska både styret i samfunnshuset og største brukaren av huset, Hellesylt Ungdomslag å gjere tiltak i samfunnshuset til glede både for born og vaksne.

Stor sjekk

Leiarane i dei to laga, Tor Arne Tryggestad og Marianne Fivelstad i HUL sette seg saman og utforma ein søknad om støtte som vart sendt til mellom anna Gjensidigestiftelsen. Søknaden fekk namnet « Ein stad å bli sett».

Måndag kveld kom svaret då Tryggestad kunne ta mot ein sjekk på heile 800.000.- kroner.
-Eg vart heilt mållaus, eit slikt beløp hadde eg ikkje venta. Det var ei kjempekjekk julegåve å få som vi no vil nytte på beste måte. Beløpet som var fullstendig uventa er det største som Gjensidigestiftelsen deler ut som ein sum til lag og organisasjonar, seier Tor Arne Tryggestad.

Drøftar behov

Verkstedet, den gamle bilvekstaden som HUL har jobba mykje med å bygge om til ungdomsklubb på Hellesylt, er ikkje ferdig og bruken ser ut til å drage ut i tid.
-Vi tenkjer no å skape ein møteplass på samfunnshuset for born og unge, for tenåringar der dei kan ha biljardbord, tennisbord, eit musikkanlegg og meir. Så er der sikkert fleire ting som samfunnshuset treng og som vi har pengar til å kjøpe inn.
Vi må setje oss saman og diskutere behova og få mest mogleg ut av den store gåva, seier Tor Arne Tryggestad, som presiserer at gåva ikkje kan brukast til renovering av bygget, men utstyr i samfunnshuset.
Styreleiaren har kome over gåvesjokket og slår fast at; -Å få ei slik gåve var godt for Sunnylven samfunnshus, og kjekt for ungdomen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380