Lokalnytt

Sel lodd på vipps til Julelotteriet

Fleirbruksanlegget i Hyttehola.

Sunnylven Idrottslag gjer endringar grunna korona-situasjonen og sel lodd ein laurdag til sitt årlege julelotteri. Men ein kan også kjøpe lodd på Vipps, til nummer 104091

 -Sunnylven IL har i år loddsal utanfor butikkane i Hellesylt sentrum laurdag 19. desember frå kl. 11.00 til 15.00.  Tidlegare har loddsalet vore over tre-fire dagar, og ein har vore inne i butikkane.
Smittesituasjonen fører til endring i år til berre ein salsdag. Ein  håper mange også vil handle lodd i julelotteriet til Sunnylven IL med betaling på Vipps. Lodda kostar kroner 20 pr. stk. Send til VIPPS nummer 104091, og merk med ditt namn og tal lodd.

Trekning, og siste frist for å kjøpe lodd med VIPPS er søndag 20. desember klokka 20.00

Alt som kjem inn vert nytta til beste for idretten i Sunnylven.   Det er 25 fine gevinstar som vert levert på døra før jul.  Vinnarane vert også kunngjort på hellesylt.info.  Tenk globalt, handle lokalt og støtt eit aktivt idrettslag!
Det skriv leiinga i Sunnylven Idrottslag.

Gevinstliste

1-2: Ole Ringdal julemat
3-7: Kransekaker
8:   Gåvekort frå Fjord Nature 500.- kr.

9-10: Gåvekort Hellesylt Boutique & Bar
11-15: Kort Hellesylt Treningssenter
16 17: Parkeringsbevis Hyttehola
18-19: Konfekt Luksus
21: Blomsterdekorasjon
22-23: Ryggsekkar eller bag med innhald
24: Sunnylven IL varmejakke
25: HT Bygg Hellesylt, (overrasking)

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Gevinstliste:

1-2: Ole Ringdal julemat
3-7: Kransekaker
8:   Gåvekort frå Fjord Nature 500.- kr.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380