Notiser

Søk tilskot til ny idé

Har du ein idé som treng meir avklaring før du tør å setje den i verk? Stranda kommune har enno att avklaringsmidlar på 2020-løyvinga.

Du søkjer på avklaringsmidlar her (elektronisk søknad):

www.regionalforvaltning.no

 

Retningsliner for hoppid.no-midlane – økonomisk ramme til avklaring av forretningsidear.

1. Generelt om hoppid.no – avklaringsmidlar

Formål:

hoppid.no – avklaringsmidlar skal bidra til målet om fleire og betre nyetableringar i Møre og Romsdal.

hoppid.no – avklaringsmidlar skal hjelpe nyetablerarar å gjennomføre enkle, men avgjerande, aktivitetar for å avklare vidare satsing.

Økonomisk ramme, tildeling og forvalting:
Midlar til hoppid.no – avklaringsmidlar kan løyvast årleg frå fylkeskommunen sine regionale utviklingsmidlar. Samla beløp vert bestemt i Handlingsprogram for kompetanse og verdiskaping i Møre og Romsdal.

Ramme til hoppid.no – avklaringsmidlar blir fordelt på kommunar som har gyldig partnarskapsavtale i hoppid.no.

Ramma blir fordelt til kommunane etter følgjande modell:

  1. Eit likt grunnbeløp til kvar kommune
  2. Restbeløp fordelt etter tal innbyggjarar i kommunane.
  3. Tilleggsløyving til kommunar med særleg høg arbeidsløyse.

Ramma blir forvalta av den kommunen har gitt rolle som hoppid.no-kontor, som også har vedtaksmynde for tildeling.

Rapportering og utbetaling:

Rapportering for kvart år skal sendast regional- og næringsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune innan 01. februar påfølgande år. Rapporten skal innehalde opplysningar om forbruk, mottakar av tilskot og resultat.

Utbetaling krev at rapportering for føregåande år er motteken og godkjend. Ubrukt ramme kan overførast til neste år. Dersom ein kommune over tid akkumulerer tildelte midlar, eller nyttar midlane i strid med retningsliner for bruk, vil tildelinga bli redusert.

Møre og Romsdal fylkeskommune kan når som helst få innsyn i kommunane si forvaltning av hoppid.no – avklaringsmidlar.

2. Enkeltvedtak – tildeling av midlar til nyetablerarar

Målgruppe
Etablerarar med forretningsidear i ein tidleg fase. Tilskotet skal nyttast til aktivitetar som kan avklare organisering, marknadspotensiale, lønsemd, og andre spørsmål som kan avgjere vegval og framdrift for bedriftsetableringa.

Tilskotsgrunnlag:

Grunnlag for vedtak om tilskot er framlagt budsjett, som viser utgifter som må betalast for aktivitetar innanfor formålet for ordninga.

Beløp:
Det kan gjevast inntil 30 000 kroner i tilskot per forretningside.

Rapportering frå tilskotsmottakar:
Tilskotsmottakar skal dokumentere utgifter i høve til budsjett som var grunnlag for tilskotet, og skildre resultat av tiltaket.

Utbetaling:
Den som har vedtaksmynde avgjer utbetalingstidspunktet.

Vedtatt av Regional- og næringsutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune 05.03.2019

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380