Solsnubading på søndag

Søndag inviterer Hellesylt Ungdomslag til Solsnubading på badestranda, ein ny kjøleg dukkert i Sunnylvsfjorden før det går mot varmare tider.
Det har blitt tradisjon at Hellesylt Ungdomslag inviterer til Solsnubading i desember. Heilt frå 2014 har lettkledde og «kaldblodige» hoppa i sjøen på badestranda til mildt sagt forfriskande dukkertar. Antallet badarar har variert frå under ti til 16 -17 kvart år.
På land brukar arrangøren fyre opp i bålpanna og servert gløgg, varm saft og pepperkaker. Eit varmande ullteppe har også vore tilgjengeleg for enkelte. Opplegget er det same også i år med servering og vedfyrt varme, lovar arrangøren.
Solsnubadinga er søndag 20. desember med frammøte til klokka 13.00. –Vi hoppar i sjøen klokka 13.30 skriv HUL i invitasjonen og ønskjer alle vel møtt! Vermeldinga for søndag lovar varmegrader på land, men dukkerten i sjøen blir nok ei frisk oppleving likevel.
Vintersolkverv
Den kortaste dagen i 2020 er Vintersolkverv på Tomasmesse måndag 21. desember. Den dagen klokka 11.02 «snur sola» blir det sagt. På den nordlege halvkula står den varmande eldkula lengst vekke frå jorda denne dagen, men det kan variere med ein dag eller to frå år til år.
Etter 21. desember blir dagane stadig litt lenger. På Hellesylt lengtar Desember seg med heile! 13 minutt.