Stengjer restauranten ved nyttår

På nyttårsaftan 31. desember er siste dag Øcal restaurant sel pizza. Frå då av er det slutt på restaurantdrift, og Ramazan Øcal startar på eit nytt konsept.

Den populære restauranten på Hellesylt, like ved Hellesyltfossen var lagt ut for sal i haust. Ramazan Øcal ønska å starte noko nytt etter at han og delevis med hjelp av slektningar har drive restauranten i nær tjue år.

Ope torsdag til søndag

-Det kom ingen kjøpar med den pris eg ønska, så eit sal av bygget blir det ikkje noko av. Restauranten ligg på ein fin plass på Hellesylt, og eg har vakse opp her og fått ei sterk tilknyting til staden. Difor bestemte eg meg for ikkje å selje, men endre konseptet for drift.
Det fortel Ramazan Øcal som framleis har open restaurant frå torsdag til søndag ut året. Men 31. desember er det slutt, då kan ingen velje mellom 30 – 40 populære pizzavariantar meir.

Sal og utleige

Drift skal det bli også neste år, men ut frå eit anna konsept, seier han. Frå mars, april opnar han butikk med utleige av el-syklar og el-bilar, det blir utleige og sal av fjell –og fritidsklær, telt og hengekøye, fiskeutstyr og meir.
Det blir også sal av lokalmat, baguetter og salat, kaffi og is. Og softismaskina er framleis på plass i huset og vil bli i bruk, lovar han.

Sel fyrverkeri

Ramazan Øcal går frå mat og restaurantdrift til sal og utleige av fritidsutstyr, ein del av det nye ting i handlegata opå Hellesylt.
Nyleg har han også avlagt prøve for sal av fyrverkeri, så i romjula i år, frå 29. til 31. desember kan nyttårsrakettane kjøpast i gata ved dei to daglegvarebutikkane på Hellesylt.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380