Sunnylven pensjonistlag med jubileumsskrift

 

Sunnylven pensjonistlag er 40 år i 2020. Til jul vart eit fyldig jubileumsskrift ferdig og delt ut til medlemane. På biletet ser vi tre som jobba fram attersynet, Odd Jostein Bjørdal, Astrid Langeland og Arne Inge Tryggestad. (Foto: Privat)

Koronasituasjonen sette ein stoppar for 40-årsfesten til Sunnylven pensjonistlag, men ei «litterær» markering er kome frå trykkeriet og blir delt ut gratis til medlemane.

Trass lite møteaktivitet siste tida har likevel styret i Sunnylven pensjonistlag jobba godt. Gjennom hausten har det blitt jobba med å ferdigstille eit 60 sider langt attersyn, eit jubileumsskrift om historia til pensjonistlaget sine 40 år.

-Når vi ikkje kunne lage ein vanleg fest, fann vi ut at vi måtte markere jubileet vårt på andre måtar. Då kom vi opp med ideen om å fortelje litt om dei 40-åra med historie som pensjonistlaget har i bygda, fortel leiar Astrid Langeland som i den samanheng spesielt ynskjer å takke Odd Jostein Bjørdal og Arne Inge Tryggestad for arbeidet dei har lagt ned. 

Historier, møteprotokollar og bilete har vorte samla inn og har til slutt blitt til 60 sider med historier om turar, møter, basarar og ikkje minst om personar som har vore med på å setje sitt preg på laget.

-I ei tid der det er vanskeleg å møtast og fleire kanskje føler seg litt meir einsame håpar vi at dette skrivet vil vere med på å vekkje gode minner, og at det kan vere litt «selskap» i det også, seier Astrid.  

Dei aller fleste av dei 116 medlemmane skal allereie ha fått tilsendt skrivet i posten eller fått det levert på døra. Dei som framleis ikkje har motteke det vil få det så snart det let seg gjere.

-Vi i pensjonistlaget ynskjer alle våre medlemmar ei retteleg god jul og eit godt nyttår, avsluttar Astrid som håpar at det snart vil vere mogleg å samle medlemmane i pensjonistlaget til nye arrangement og turar.

I jubileumsskriftet er mellom anna oversikt med bilete av tidlegare leiarar i Sunnylven pensjonistlag.

Interessant og fyldig jubileumsskrift.

Sunnylven pensjonistlag vart skipa 17. februar 1980. Medlemstalet har variert, frå 22 i skipingsåret til langt over hundre i jubileumsåret, både av fastbuande og andre med slektsband til Sunnylven. Laget har vore og er svært aktivt og er både til glede for medlemer og nytte for andre i bygda.

Det vart ikkje jubileumsfest, men eit fyldig jubileumsskrift er no sendt ut til alle medlemer gratis. Det kan også kjøpast om andre ønskjer å lese historia til Sunnylven pensjonistlag.
Attersynet som har mykje interessant lesnad og er rikt illustrert med bilete er sett saman av Odd Jostein Bjørdal og Arne Inge Tryggestad. Mykje av stoffet er henta frå velskrivne møteprotokollar og har oversikt over leiarar og styremedlemer opp gjennom åra, skildringar frå mange turar, og frå møter og andre tilskipingar i laget.
I jubileumsåret er Astrid Langeland leiar i laget, eit tillitsverv ho har skjøtta frå 2014.

I 2020 er Sunnylven pensjonistlag 40 år. Det skulle markerast, men ein alvorleg pandemi sette stoppar for styret sine planlagde arrangement. Styret har følgd styresmaktene sine råd om smittevern så difor har det ikkje vore samlingar i laget, skriv styret i jule –og nyttårshelsinga som føl med jubileumsskriftet, og legg til;
-Det er viktig for oss å seie at når alt igjen vert normalt, skal vi vere klar til å invitere til treff og samlingar i det nye året.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380