Til topps i nyttårsmaraton

Kari-Anne Tryggestad Ryste kunne juble for siger i Ålesund nyttårsmaraton 6. juledag. (Foto: Privat)

Kari-Anne Tryggestad Ryste har farta inne enno. I Nyttårsmaraton i Ålesund 6. juledag viste ho yngre konkurrentar ryggen og vann kvinneklassa på sterke 3.27.53

Kari-Anne (50-54) likar å springe langt når ho er ute med joggesko på beina. I Ålesund nyttårsmaraton vart det den lange distansen på 42195 meter, og der vart det siger på 3.27.53.

-Eg er veldig fornøgd. Året har vore spesielt med lite konkurransar så eg var veldig spent på forma før løpet. Men det gjekk svært så bra. Og det var flotte forhold, rett nok små parti med is, men vindstille og ingen problem, fortel Kari-Anne Tryggestad som representerer Sunnylven IL.

Ho vann kvinneklassa vel fire minutt føre Ida Furnes Breivik, Ålesund (23-34), med Linda Hovde, Spjelkavik & Omegn (33-39) på 3. plass 3.32.54.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380