To tilsette heidra med medalje og gullklokke.

Velfortent heider til to trugne medarbeiderar hos Ole Ringdal A/S. Frå v.: grunnleggaren av bedrifta Ole AK Ringdal, Knut Hellebostad, Trygve Tryggestad og noverande disponent i firmaet, Kristen O. Ringdal.

Under den årlege juletilstelninga som Ole Ringdal A/S held for sine tilsette, fekk ein av arbeiderane, Trygve Tryggestad, seg tildelt Norges Vels medalje for lang og tru teneste. Han er den andre av arbeidsstokken som etter 30 år i bedrifta får denne medaljen. Knut Hellebostad fekk utmerkinga i 1979.

To fekk gullklokke.

Etter styrevedtak i Ole Ringdal A/S får no også alle med 30 års tenestetid tildelt gullklokke med inskripsjon av bedrifta. Og som dei to fyrste vart Trygve Tryggestad og Knut Hellebostad overrekt kvar si gullklokke av disponent Kristen O. Ringdal under tilstelninga.

Ved overrekkinga sa disponent Ringdal at det var eit stort aktivum for ei bedrift å ha trufaste arbeiderar. Begge hadde gjennom dei mange åra vore med på å bygge opp bedrifta til det ho er i dag, og på den måten skapt mange og trygge arbeidsplassar i bygda. Han visste at dei og dei andre tilsette følte at det hadde vorte ei god bedrift, og ynskte til lukke med utmerkingane.

Knut Hellebostad og Trygve Tryggestad var dei to fyrste tilsette hos Ole Ringdal A/S. I dag har bedrifta kring 30 arbeidsplassar på heiltid og fleire på deltid.

Denne artikkelen stod på trykk i Sunnylvingen 4. desember 1985.

 

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info