Lokalnytt

Turistferje mellom Hellesylt og Geiranger frå 1. mai.

Turistferjene MF Bolsøy t.v. og MF Veøy ligg begge ved Hellesylt cruisekai i påvente av ein ny sesong på fjorden mellom Hellesylt og Geiranger.

I 2021 startar The Fjords opp ferjeruta på Verdsarvfjorden mellom Hellesylt og Geiranger 1. mai. Siste tur går 30. september.

På Hellesylt ligg MF Bolsøy og MF Veøy «parkert» ved cruisekaia. Dei gamle, men flotte ferjene som har trafikkert Verdsarvfjorden mellom Hellesylt og Geiranger ventar på ein ny sesong.
Etter rutetabellen frå The Fjords for 2021 startar sesongen opp 1. mai med ei ferje og fire turar dagleg. Frå 20. mai og fram til 27. september blir det to ferjer og dobbelt så mange turar kvar dag.
Siste sjanse til å oppleve Geirangerfjorden frå eit ferjedekk i 2021 er 30. september, frå Hellesylt klokka 18.30 og til Geiranger klokka 19.35.

Sjå rutetabellen med prisar her: http://thefjords.no/files/documents/fjord-cruise-geirangerfjord-2021.pdf
Billettprisane på ferjeturen har dei to siste sesongane auka med knappe 10.0 %.  I 2019 var billettprisen for vaksen person 295.- kroner, privatbil 610.- kroner, og privatbil med inntil fem personar 1175.- kroner.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380