Ung skyttar vann julecupen

Unge deltakarar under Julecupen 2020: Bak frå v: Ingeborg Fivelstad Stadheim, Siv-Anita Nessan, Framme frå v: Casper T. Røyr, Tuva Marie Korsbrekke, Ane Brenne Ringdal, Fredrik Fivelstad Stadheim.

Sunnylven skyttarlag arrangerte sin årlege julecup i skyting 5. juledag. 12 år gamle Kristen Brenne Ringdal skaut til flotte 250 (inkl. to respit) poeng og vann føre to eldre konkurrentar med ny 6. klasse skuleelev på fjerde plass.

Leiar i Sunnylven skyttarlag, Ola Vangen har sendt hellesylt.info eit referat med resultatliste frå julecupen 2020. Han melder om god deltaking og god skyting av 22 unge og litt eldre deltakarar under strenge smittevernreglar. Dei yngste deltakarane fekk tillegg av såkalla respit-poeng etter alder.

Her er referat frå cupen:

I dag arrangerte skyttarlaget den tradisjonelle julecupen som blir gjennomført fast 5. dag jul. Tidlegare år så har det ikkje vore med spesielt andre skyttara enn dei aktive konkurranseskyttarane som er i laget. Men i år var vi heile 22 stk! Det var veldig kjekt at såpass mange hadde tid og anledning til å bli med på skytinga. Sjølvsagt måtte vi ta hensyn til dei same smitteverns-reglane som vi har hatt for skytinga i haust. Derfor har vi i år organisert med påmelding og lagoppsett i forkant av skytinga. I tillegg til dei vanlege rutinene våra med desinfisering og andre nødvendige smitteverns-tiltak.

 Skyteprogramma som blir skote i julecupen er stort sett det same programmet som vi elles skyt i løpet av året. Kun med nokre små endringar i dei høgare klassene. Mens ungdommane våra som skyt på tysdagar skyt sitt vanlege program med 25-skot liggande. I og med denne skytinga er ei felles konkurranse der alle konkurrerer mot alle så har ungdommane som skyt i klasse Nybyrjar Ung (NU) nokre få respit-poeng. Her får dei som skyt med anlegg 3 ekstra poeng. Mens dei som skyt utan anlegg, men med reim, får 7 ekstra poeng. Men maks poengsum er uansett ikkje høgare enn 250 poeng.

 Vinnaren av julecupen i år blei Kristen Brenne Ringdal. Han klinka til med heile 248 poeng og ny pers! Når han då i tillegg får respit-poeng så ende han med maks poengsum 250. Dette blei hardt for dei andre skyttarane å slå. Ikkje mange poenga bak, på 2.plass, kom Jørgen Helset med 247 poeng og Kirsti Frøysadal Hauge på 3.plass med 245 poeng.

Vinnar av Sunnylven skyttarlag sin Julecup: Kristen Brenne Ringdal.

 

Komplette resultatlist, Julecup 2020:

1. Kristen Brenne Ringdal – 250p

2. Jørgen Helset – 247p

3. Kirsti Frøysadal Hauge – 245p

4. Ingeborg Fivelstad Stadheim – 243p

5. Isak Elias Frøysadal Hauge – 242p

6. Ørjan Frøysadal Hauge – 241p

7. Ivar Fivelstad – 241p

8. Ottar Frøysa Hellebostad – 240p

9. Elias Helset – 239p

10. Kristian Andre Frøysadal Hauge – 239p

11. Siv-Anita Aasheim Nessan – 234p

12. Dag Andre Hauge – 232p

13. Trym Helset – 231p

14. Kai Adam Røyrhus – 231p

15. Casper Tryggestad Røyr – 231p

16. Ola Vangen – 228p

17. Sverre Martin Røyrhus – 227p

18. David Røyrhus – 223p

19. Tuva Marie Korsbrekke – 220p

20. Sina Helen Frøysa – 218p

21. Fredrik Fivelstad Stadheim – 216p

22. Ane Brenne Ringdal – 214p

Skaut Julecup: Bak frå v: Sina Helen Frøysa, Sverre Martin Rayrhus, Framme frå v: Kai Adam Røyrhus, Kristen Brenne Ringdal, David Røyrhus.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380