Byggefirma tek smittevern på alvor

Dagleg leiar ved HT Bygg Hellesylt, Øystein Ljøen til høgre, og prosjektingeniør Tarjei Korsbrekke viser fram skilta som skal opp på husværa til bedrifta sine polske arbeidarar.

Leiinga og dei tretti tilsette i HT Bygg Hellesylt tek smittevernreglar på alvor. Tiltaka gjeld også i høgste grad når firmaet sine 12 polske arbeidarar vender tilbake etter juleferien.

Leiinga i HT Bygg Hellesylt gjer alt dei kan for å unngå å få korona-smitte mellom sine tilsette og inn i bygda. Når dei polske arbeidarane som bedrifta er avhengige av kjem tilbake, blir dei strenge nasjonale smittevernreglar følgde til punkt og prikk. Det fortel dagleg leiar Øystein Ljøen.

-Rundt 10. januar kjem våre to fyrste arbeidarar og ei veke etter kjem ti nye. Alle køyrer sine private bilar frå Polen til Hellesylt, så ingen av dei er om bord i offentleg transport. Vi har fått tilsendt bekrefta skriv på at alle er friske, ingen har avlagt test som viser at dei er smitta av korona i heimlandet. Når dei kjem på grensa til Norge må dei avlegge ny korona-test og så køyre direkte til Hellesylt. Her skal dei bu der dei tidlegare har opphalde seg, i heile Helsehuset på Reset og i to andre private bolegar, fortel Ljøen.

Desse bolegane er merka med skilt som viser at dei som bur der er i karantene. Tilsette i HT Bygg skal ordne med innkjøp og levere på døra det dei polske arbeidarane treng. Ingen av dei kan vise seg i gatebildet før ti dagar er gått, seier Øystein Ljøen.
Han er klar på at dei føl det nasjonale regelverket til punkt og prikke for å unngå at korona-smitte kjem inn i bedrifta og til Hellesylt.

-Vi tek dette på høgste alvor, det ville vere ei katastrofe om det skulle dukke opp smitte, både for bygda, og for firmaet vår og dei jobbar vi har avtale om å gjere.
Og skulle nokon kjenne seg uvel på nokon måte, blir det teke ny test utført av helsestellet i kommunen, avsluttar dagleg leiar i HT Bygg Hellesylt, Øystein Ljøen, som håpar og trur dette vil gå bra.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380