LokalnyttLokalsport

Deltok i Lygnarennet

Kristine Hjellbakk Hole, arkivfoto frå NC Lygna i januar 2020.

Langrennsløper Kristine Hjellbakk Hole har som fleire andre avslutta jule –og nyttårsfeiring og gått nytt langrenn. Søndag 3. januar var norske toppløparar på plass i Lygnarennet.

Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL gjekk eit nytt, godt renn då ho stilte til start i Lygnarennet 3. nyttårsdag. Ho kom i mål til 11. plass i K 19/20 der 18 løparar fullførte.

Vinnar vart Emma Kirkeberg Mørk, Drammen BK, føre Anna Heggen, Svea skilag, klasseveninne med Kristine på NTG Lillehammer.

Sjå resultat frå rennet på langrenn.com her: https://live.eqtiming.com/55398#result:207167-718039-1143585-1-1-

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380