Lokalnytt

Fjellrosa 4H årets klubb for andre gong

Grunna korona-pandemien vart den tradisjonelle haustfesten i Fjellrosa 4H ikkje halden i år, men her er eit bilde frå årsfesten i 2019. Klubbrådgjevar Silje Stadheim bak til høgre.

Fjellrosa 4H i Sunnylven vart kåra til «årets klubb 2020» i Møre og Romsdal. Også i 2018 henta klubben heim denne tittelen mellom 35 andre i fylket.

Møre og Romsdal 4H har tilslutning av 35 klubbar med til saman rundt 600 medlemer. 15 av dei høyrer til i Fjellrosa 4H i Sunnylven, eit tal som har gått litt ned frå året før.
-Vi har plass til fleire, sa klubbrådgjevar Silje Stadheim under ein aktivitetsdag på skøyter på Helsetvatnet nyleg.

Og i tillegg til klubbmøter styrt av klubben sitt eige, unge styre har det blitt gjnnomført mange ulike aktivitetar til trass for korona-pandemien også i 2020. For alt dette vart Fjellrosa 4H kåra til «Årets klubb» av styret i Møre og Romsdal 4H nyleg.

Begrunnelsen frå juryen kan ein lese her:

-Fjellrosa 4H vart starta i 1984, klubben har vore aktiv heile vegen. Sjølvsagt med opp og nedturar, men siste åra har dei drive veldig godt.

Dei held til på Hellesylt, i Stranda kommune og har til saman 20 medlemer. Klubben har hatt veldig god aktivitet gjennom heile 2020, fylkesstyret er imponert over alt dei har klart å få til i dette koronaåret. Med denne prisen ynskjer vi å rose all den gode aktiviteten, og å motivere til å fortsette i same stil.

Klubben har tross pandemien klart å oppretthalda aktivitet og har omfamna dei digitale løysingane for å kunne gjennomføre møteverksamheit.

Fjellrosa 4H har arrangert mange aktivitetar, blant anna tur til klatreparken, trampolineparken, kajakkpadling, hesteriding, sykling, streethockey, laga taubruer, mat på bål og bading. Når landet stengde ned hadde Fjellrosa 4H digitale aktivitetar. Der det blant anna vart utdelt «aktivitetspose» til alle medlemane i forkant. Og så blei ting laga i lag via møte på nett.

Klubben har markert seg som ein inkluderande klubb, med opne arrangement og fokus på å syne fram kva 4H er i lokalmiljøet. Dette har blant anna vor karneval, aktivitetsdag og halloweenfest. Fylkesstyret er spesielt imponert over den gode jobben klubben har gjort for integrering av innvandrarar i lokalmiljøet.

Fjellrosa 4H har og hatt godt samarbeid med andre lag og organisasjonar.

Dei er og flinke til å delta på arrangement i fylke. Og når det i år ikkje vart fylkesleir, besøkte dei Ruggå 4H i Valldalen og hadde minileir.

4H Møre og Romsdal takkar Fjellrosa 4H for stor innsats gjennom heile 2020, og vi gleder oss til fortsettelsen. Premie og pokal vil bli delt ut ved eit seinare høve.

Vi gratulerer så mykje som Årets klubb 2020!

Frå aktivitetsdag og kajakkpadling på Nedstevatnet i fjor haust. (Foto: Fjord Nature)

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380