Ny storheitstid for hotell

Dagleg leiar Jan Sverre Sivertsen framfor gamle Grand Hotel på Hellesylt som no blir restaurert tilbake til «gamal storheits tid».

-Hellesylt og området kring har kvalitetar både sommar som vinter, så vi trur eit nyrestaurert Grand Hotel på Hellesylt vil bli berekraftig, og ein populær destinasjon for alle aldersgrupper, seier dagleg leiar Jan Sverre Sivertsen.

Grunna juleferie har det vore stillstand i restaureringa av Grand Hotel, det som blir omtala som Basecampprosjektet på Hellesylt. I løpet av komande veke er arbeidet i gong igjen, mest utvendig, men også ein del inne.
Fleire nye vindauge er bestilt, det same er bordkledning og skiferstein på taket, så då er vi i gong igjen, litt avhengig av veret, seier Jan Sverre Sivertsen.

Og i løpet av fyrste kvartal i år vil Flakk Gruppen få den fyrste skissa frå arkitektfirma av korleis hotellet på Hellesylt skal bli innvendig. Det blir spanande, vedgår dagleg leiar.

Fjerna steinmur

Det er blitt gjort ein del endringar på fasaden på baksida mot fjorden, mellom anna er eit mindre frambygg rive vekk etter godkjenning frå både fylkesantikvar og kommune. Her skal det inn nye vindauge, og ny bordkledning.
Vi registrerer at ei stor steinrøys er kome ut på tunet bak hotellet. Den er frå kjellarrommet der ein steinmur midt i rommet er gravd ut.
Heile kjellaren er heilt nedstrippa, men ikkje gjort noko meir med enno.

Vil bruke tid

Sivertsen seier at i fyrste omgang skal hotellet gjerast tett slik at ikkje ver og vind gjer skade. Deretter vil ein sjå på rominndeling og setje bygget i stand innvendig, men kor snart det blir vil han ikkje uttale seg så mykje om. Kanskje er det ferdig om eit par år, i 2023, seier han.

-Vi vil ta oss den tid vi treng, gjere det til eit berekraftig pilotprosjekt, få gjenreist hotellet og Hellesylt til den destinasjon det ein gong var. Og vi har tru på at vi skal lukkast med å skape eit godt reiselivsprosjekt, for området har kvalitetar å vise fram både sommar og vinter.

Nye bygg

I tillegg til at gamle Grand Hotel, seinare Basecamp Hotell Hellesylt blir sett i topp stand skal det byggjast også nytt på Hellesyltneset. Det skal kome bygg som rommer 40 – 50 gjesterom, kanskje også med opphaldsrom. Om det blir eitt eller to bygg, eller fleire små er heller ikkje bestemt enno, Men det som er klart er at utsynet til Sunnylvsfjorden ikkje skal bli skjerma av nye bygg, seier Jan Sverre Sivertsen.

Så då er det berre å vente og sjå, for det blir eit nyrestaurert hotell på Hellesylt

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380