Lokalnytt

HT Bygg Hellesylt søkjer dagleg leiar.

HT Bygg Hellesylt har snart 30 år bak seg i byggebransjen, og fulle ordrebøker.

Entreprenørfirmaet HT Bygg Hellesylt AS søkjer etter dagleg leiar. Bedrifta er ein av dei største arbeidsplassane på Hellesylt med 30 tilsette og ei omsetning på nær 60. mill. kroner i 2020.

-Vil du ta roret i ei solid hjørnesteinsbedrift sentralt på vakre Sunnmøre? -står å lese innleiingsvis i ei annonse frå byggefirmaet HT Bygg Hellesylt.
For snart 30 år gjekk tre grunderar saman og overtok det som heitte Hellebostad Trevarefabrikk på Hellesylt. Frå 1992 har satsinga til Øystein Ljøen, Magne Brekke og Geir Frøysa utvikla seg til å bli ein solid arbeidsplass på Hellesylt, eit stort og solid byggefirma innan alle typer nybygg og restaurering innan landbruk, industri, serviscebygg og private boligar og hytter.
Ved inngangen til 2021 er firmaet i gong med renovering av Sunnylven skule, og av Grand Hotell på Hellesylt.

 -I hjartet av Verdsarvområdet

HT Bygg Hellesylt AS har blitt ein viktig og solid arbeidsplass på Hellesylt i Stranda Kommune.
-Vi er ei entreprenørbedrift med stoltheit for faget, og klokketru på kvalitet. Her på Hellesylt, i hjartet av verdsarvområdet Geiranger, har vi lagt til rette for ein betre kvardag for folk i regionen vår – vi har bygd bustader, rehabilitert skular og utført store og små prosjekt for private, så vel som det offentlege, står å lese i annonsa mellom anna

HT Bygg har drive godt i alle år og har god økonomi. Årsomsetninga ligg mellom 50 og 60 mill. kroner netto.
Bedrifta har drive med aktiv rekruttering til bransjen som godkjent lærlingbedrift for tømrarfaget.

Ønskjer tilflytting

Dei tre gründerane er framleis aktive i selskapet, men meiner tida er moden for å sleppe yngre krefter til ved roret. Dagleg leiar Øystein Ljøen seier at sjølv om dei tre som starta opp firmaet framleis er og vil vere aktivt med i mange år enno, så er tida inne for å sleppe nye og yngre krefter til.

-Vi har ein del teknologisk kompetanse i bedrifta i dag, men vi trur at om vi kunne knyte til oss meir av det så hadde det vore ein fordel. Vi har mykje å gjere, og vi håper på tilflytting til Hellesylt, seier han.

Kjenner du deg klar for å ta på deg ei ny utfordring og bidra til den regionale verdiskapinga? Kontakt dagleg leiar Øystein Ljøen, 97041540, om du har spørsmål rundt stillinga.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380