Ibsen-appen klar for bruk
Ibsen-appen, ei entreprenørskap-oppgåve som elevar ved Stranda vidaregåande skule utførde i 2018, har blitt populær verda over. Etter å ha vore nede ei tid er den tilgjengeleg igjen då abonnement er betalt.
I over to år og kring om i store deler av verda er det vist interesse for Ibsen-appen som elevar ved Stranda vidaregåande skule i samarbeid med entreprenørskapslærar Ole Bjørn Hjellegjerde utarbeidde i 2018. Prosjektet vart også støtta økonomisk av Stranda kommune.
Til no er den registrert nedlasta i12 land, Norge, USA, Tyskland, Nederland, Spania, Storbritannia, Hellas, Marokko, Russland, India, Pakistan og Togo.
Appen er eit unikt verktøy for å profilere Hellesylt og omland, der Henrik Ibsen oppheldt seg på 1860-talet og der ein trur han fann inspirasjon til å skrive Brand.
Appen inneheld omtale av fleire sjåverdige ting i Sunnylven og på Hellesylt, som kyrkja og Hellesyltfossen, naturskildringar av Åkneset, andre fjell -og fjordgardar, Geirangerfjorden, ferjeturen mellom Hellesylt og Geiranger, og av næring -og serveringsbedrifter på Hellesylt.
Nytt på appen er medieomtale frå mellom anna tysk TV, Sunnmørsposten, Sunnmøringen (Nyss), og av NRK Møre og Romsdal. Det er Stranda kommune som no har overteke drifta av appen. Den er så langt lasta ned på 446 enheite.
Sjå også:https://www.hellesylt.info/2019/05/ibsen-hellesylt-ub-gjer-bygda-kjent/