Notiser

Ikkje gudsteneste, men opa kyrkje søndag

Gudstenesta i Sunnylven kyrkje søndag 31. januar er avlyst, men kyrkja blir opa for innsteg mellom klokka 17.00 og 18.00.

Det var tillyst gudsteneste i Sunnylven kyrkje søndag 31. januar klokka 17.00. Gudstenesta er avlyst, men i staden blir det opa kyrkje mellom klokka 17.00 og 18.00. Det opplyser sokneprest Jakob Højlund.

Grunna smittevernhensyn er det framleis ikkje lov å samlast meir enn 10 personar. Difor blir det i staden opa kyrkje der ein kan kome og gå, lytte til vakker orgelmusikk, tenne lys, eller få forbøn, seier Højlund. Både han og organist Gunnar Inge Eide blir til stades under opa kyrkje i Sunnylven søndag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380