Kaldt i Sunnylven

Årets kaldaste dag i 2021 så langt var torsdag 14. januar, då varierte temperaturen mellom 9.0 på Hellesylt til 24.0 kalde blå på Tronstad.
Det var ein vakker dag i Sunnylven torsdag med klar blå himmel, men mange kuldegrader. På Hellesylt viste gradestokken minus 9.0, i Bygda varierte den mellom 17.0 og 19.0, men kaldast var det i Strand på Tronstad med 24.0 grader.
-Eg såg på temperaturmålaren klokka 05.30 og då viste den 24.0 minusgrader, fortel Geir Støverstein som bur i Strand på Tronstad.
-Vi har godt med tørr ved å fyre med også ingen i husstanden skal fryse, men det var friskt å kome ut for å gå på jobb. Det var berre å leite fram varmekjeledressen, vottar og lue, fortel han.
Flott i skianlegget
Geir håper det ikkje blir langvarig med så mange kuldegrader, då blir det vanskeleg for dei som skal ha skitrening i Hyttehola. Han køyrer trakkemaskina til idrettslaget og fortel om fantastiske forhold i skiløypene der.
Sjølv om 24.0 kalde blå kanskje er av det lavaste i fylket, er det langt frå rekordmåling på Tronstad. Der Geir Støverstein og familien bur har dei registrert 33.0 på det kaldaste eit år, fortel han.