Lokalnytt

Klassefisøren Markus

Markus Forbord har jobba som klassefisør i over to år alt.

Når bøndene leverer slaktedyr til Ole Ringdal AS på Hellesylt, blir oppgjørsprisen for slaktet fastsett etter klassefisering av utdanna tilsette. Markus Forbord valgte seg den jobben.

-Eg ser ikkje etter kven som har levert dyret, om det er ein kamerat eller ein annan. Her er eg hundre prosent nøytral. Det seier Markus Forbord, drivande god fotballspelar på Sunnylven sitt A-lag ein gong, men no ein av dei som bedømmer slakteskrottar hos Ole Ringdal AS og stemplar slakteklasse som bestemmer prisen til bøndene.
-Jobben gjer han på ein framifrå måte, ein likandes kar, stødig og kjekk og fagleg dyktig, seier dagleg leiar ved bedrifta Ole Arnstein Ringdal.

Såg plakaten på kontordøra

For vel to år sidan trong bedrifta ein ny klassefisør av slakt. Ringdal hengde opp ein lapp på kontordøra si med spørsmål om nokon av dei tilsette kunne tenkje seg å kurse seg til jobben. Markus Forbord såg plakaten, og etter eit par dagar banka han på og melde seg interessert.

-Eg vart litt forundra at ein så ung kar ville ta utfordringa, men ville han så skulle han få sjansen, seier Ole Arnstein.

Beste munnlege

Og Markus Forbord meinte det seriøst, -eg tok ein prat med Ole Hjalmar (Bonsaksen) om kva jobben gjekk ut på. Han hadde slik utdanning frå før og anbefalte meg å satse. Det har eg ikkje angra på to og eit halvt år etter.
Det vart eit års opplæring som aspirant med stadige tilsyn av godkjent klassefisør, vidare fleire dagar på Rudshøgda ved Hamar med teori, og deretter innsending av teoretiske prøver på to brev i tillegg til eksamen muntleg. Alt gjekk til bestått, og eksamen munnleg var «dagens beste», sa sensor.

Det kjem inn mange flotte slaktedyr frå bøndene, seier Markus Forbord til høgre, her saman med dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal.

Flotte slakt

Alle slakteri får stadig uanmeldte besøk av kontrollørar som reiser heile landet for å sjå at klassefiseringa av slaktedyra er rett. Ved Ole Ringdal AS har Markus Forbord alltid fått skryt av kontrollørane for godt utført arbeid.
Og Markus gjev ros til bøndene, han synest det kjem inn svært mange flotte dyr som han klassefiserer høgt og til god oppgjørspris.

Vil ha han lenge

Han gjer ein flott jobb, det har blitt lenger mellom besøka av kontrollørar, for dei veit han kan jobben sin. Eg håper at han blir her lenge, finn seg dame, stiftar familie og kjøper seg Volvo stasjonsvogn, skjemtar dagleg leiar, Ole Arnstein Ringdal.

Her blir data frå jobben ført inn.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380