Med hockey-skøyter på Helsetvatnet

Her har vi samla omlag halvparten av medlemane og klubbrådgjevar (gul og svart kjeledress) i Fjellrosa 4H. Det vart ein morodag som for enkelte varte til mørkret kom.

På Helsetvatnet i Sunnylvsbygda var isen både glatt og trygg laurdag. Det vart ein morodag for medlemane i 4H-klubben Fjellrosa, men også fartsfylt og triveleg for mange andre skøyteløparar.

Fjellrosa 4H i Sunnylven er ein aktiv klubb. I løpet av siste år vart det halde klubbmøter, og det vart skipa til aktivitetsdagar som styret i klubben organiserte mykje av. Klubbrådgjevar Silje Kristin Stadheim fortel om arrangement som karneval, halloween-feiring, tur til badeland, kajakkpadling, besøk i klatrepark, tur til naboklubben Ruggå i Valldal og mange fleire aktivitetar.

Også tilreisande

Og med trygg is på Helsetvatnet vart det så aktivitet –og skøytedag i klubben. Då vart hockey-skøyter leita fram, og nokre hadde med hockey-køllene og målbur ute på isen.

Men det var ikkje berre 4H-medlemar som boltra seg på den lokale Alma Ata-isen. Også andre frå Sunnylven og frå nabobygdene hadde registrert meldinga frå grunneigar Jørgen Helset på facebook om at kulden den siste tida hadde gjort isen på vatnet trygg.

Ingeborg Fivelstad Stadheim heldt stor fart og viste fram skøyteferdigheitene sine.

Utrygt nær land

-Tidlegare i veka målte eg den til 16 cm., og den har «lagt på seg» etter det, seier Jørgen.
Han kjenner forholda på vatnet og seier at isen er trygg, men han advarer for området nærmaste utmarka og fjellet. Der er det fleire opptrekk med temperert vatn som ikkje frys så lett til, seier han.
Den som vil må gjerne gå på skøyter på vatnet, men all aktivitet er på eige ansvar, presiserer Jørgen Helset.

Kan bli «Årets klubb».

Fjellrosa 4H har 15 medlemer, men det er plass og vi skulle gjerne vore fleire, seier klubbrådgjevar Silje Kristin Stadheim i ein klubb som er nominert til «Årets klubb» i Møre og Romsdal.

Mange hadde teke turen til Helsetvatnet laurdag, også frå nabobygder.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380