Saknar høglandsfé etter nyttårssalutt kom til rette

Bonde Jørn Stadheim leitar etter ti dyr av denne rasen. Om nokon ser dei bed han om at dei melder frå.

Jørn Stadheim leitar etter ti dyr av rasen høglandsfé. Feiringa av inngangen til det nye året vart skræmande for dyra.

Nyttårssalutten vart i meste laget for ti høglandsfé, fem kalvar og fem vaksne dyr. Dei stakk av frå innhegninga dei gjekk i. Då det small og lyste som best, har dei rømt til skogs, seier eigar Jørn Stadheim som har leita i to dagar, kikra, kalla og gått i skogen i stor omkrins kring garden på Hølsbakk utan å få svar. Kvar dei er veit han ikkje.

Gjennom hellesylt.info bed han alle turgåarar halde utkikk og melde frå om dei skulle sjå noko, spor eller fersk avføring. Jørn Stadheim har mob. 995 03 547.

SISTE:
Dei sakna dyra, høglandsfeet til Jørn Stadheim er kome til rette. Dei var komne opp i terrenger ovanfor Myra på Hauge, rundt to kilometer frå innhegninga dei forlet nyttåraftan. No er dei tilbake og matlysta var god, rapporterer Jørn Stadheim.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380