Satsar miljøvenleg, men manglar laddestraum

To nye ribbåtar er klare for turisttrafikk mellom anna på Geirangerfjorden i bakgrunnen. På bildet familien Bonsaksen, frå venstre Frank Ole, Bente og Ole Hjalmar.

For tre år sidan fekk vi oss presentert eit pilotprosjekt på Øvre Ljøen. På kjøkkenbordet låg teikningar av eit utsleppsfritt fartøy. No er nyskapingen blitt ein realitet, men infrastruktur bremsar miljøtiltaket.

Vi står på Øvre Ljøen og ser på to funkande nye ribbåtar. Familien Bonsaken har i fleire sommarsesongar frakta turistar fram og tilbake på Sunnylvsfjorden og Geirangerfjorden med ribbåtane sine Sunnylvsfjord og Korsfjord, begge drivne på fossilt brensel. Framleis skal dei gjere ein jobb og vise turistar flott natur frå fjorden, i lag med dei to nye båtane.

Skrog av karbonfiber

Ideen har blitt realitet, men ikkje heilt etter skissene som låg på kjøkkenbordet i 2018, fortel Frank Ole i familien Bonsaksen. Materialvalget i skroget er nemleg endra frå glasfiber til karbonfiber, noko som har gjort båten eitt tonn lettare, fortel han.
-Vi satsar på batteridrift og nullutslepp og då er vekta på båten viktig. Ein av dei to båtane, «Grøn Arv» er utstyrt for batteridrift, den andre «Grøn Framtid» har inn til vidare ein lavutslepps bensinmotor. Men vi er klare til å «hive» den lavutslepps bensinmotoren og montere inn batteri i den også om det blir mogleg å få straum til ladding i Geiranger.

Ladding eit problem

På Hellesylt går det greit, der har vi trefasa kontakter både på kaihuset og i småbåthamna. Men i Geiranger er det ikkje råd slik det er i dag, der er ikkje el-nett til ladding av båten i 4 til 5 timar som det går å fylle batteria frå vanleg straumuttak, seier Frank Bonsaksen og blir tydeleg engasjert når han listar opp sine alternative løysingar på problemet.

Energibank eller hydrogenkraftverk

-Vi satsar på nullutslepp fordi Staten har bestemt at Geirangerfjorden skal vere utsleppsfri frå 2026, og fordi vi vil bidra til mindre forureining. Også økonomisk er batteridrift å foretrekke, men vi må ha laddekapasitet på plass.
Stranda kommune har nok av elektrisk energi, men den må brukast på rett måte. Kvifor ikkje lage ein energibank i Geiranger, ladde batteri på ei tid på døgnet når det lokale straumforbruket ha «slått av kokeplatene», eller kvifor ikkje bygge eit hydrogenkraftverk noko som ikkje forureinar i det heile?

Eit nyskipa selskap, Green Fjords AS skal stå for utvikling, produksjon og sal av miljøvenlege og utsleppsfrie ribbåtar.

Nytt selskap

Dei nye ribbåtane er sett saman ved bedrifta Neptun Båt i Sandefjord. Green Fjords AS, eit nytt selskap, registrert på Hellesylt med tre aksjonærar frå Bonsaksen og tre frå Boye-Thoresen skal drive med utvikling, produksjon og sal av båtar på miljøvenleg energi. Aksjonær i selskapet Ole Hjalmar Bonsaksen blir dagleg leiar, og er ikkje framand for meir satsingar i framtida. -Kanskje kan det utvikle seg nye løysingar, og at båtar kan bli bygde på Hellesylt, seier han.
Drift, transport og opplevingsturar med turistar på fjorden blir som før drive av selskapet Bonseye.

Ser mot ny, god sesong

Båteigarane på Øvre Ljøen er optimistar med tanke på framtida. Trafikken i fjor var bra, den auka med 15 prosent frå året før. Og dei trur trafikken blir god også i år.
-Vi trur på mange norske turistar, berekraft og sporlaus ferdsel. Difor satsar vi på batteri og nullutslepp, seier Bente Bonsaksen.
Og Frank Ole legg til. –Satsinga på nye ribbåtar er artig, men det kostar. Truleg hadde det ikkje blitt noko av utan støtte frå Innovasjon Norge og drahjelp frå familien. Men litt fram i tid får vi hotell i drift både på Hellesylt og på Ljøen, så vi er nesten forplikta å ha noko å tilby.

Familien Bonsaksen som står bak selskapet Bonseye satsar på opplevingsturar med ribbåtar, hovudsakleg på fjorden mellom Hellesylt og Geiranger og har tru på ein ny god sesong.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380