Sunnylven IL med GPS i trakkemaskina

På www.skisporet.no kan alle sjå når løypene i Hyttehola er oppkøyrde etter at Sunnylven IL har montert GPS i trakkemaskina. Sjåføren denne kvelden var Ottar Frøysa Hellebostad

Fram til no denne vinteren har det vore varierande forhold for skiløparar i Sunnylven IL sitt anlegg i Hyttehola, men så kom snøen. Då melder idrettslaget om strålande forhold.

Sunnylven Idrottslag ved ski og skiskyttargruppa køyrer opp løypene i Hyttehola med trakkemaskin. Og for at skiløparar skal bli kjent med når løypene er preparert har idrettslaget montert ein GPS i trakkemaskina og gjort avtale med www.skisporet.no
Ved å søkje opp nettsida kan ein no sjå kva tid det vart køyrde opp løype sist.

STIKK Ut-post

I enden av lysløypa mot fylkesgrensa har Sunnmøre friluftsråd ein «STIKK Ut»-post. På www.loyper.net ser ein også kva tid trakkemaskina har gjort runden og preparert lysløypetraseen.

Bruk løysløypa, er oppmodinga frå Sunnylven Idrottslag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380