Notiser

Sunnylven skyttarlaget med digitalt lotteri

Sunnylven skyttarlag inviterer til kakelotteri i samband med morsdag søndag 14. februar. På grunn av restriksjonane mot Covid-19 blir loddsalet endra mot tidlegare praksis.

Smittevernreglar gjer at Sunnylven skyttarlag må endre praksis med sal av lodd til kakelotteriet i høve morsdag 14. februar. Laget ønskjer å gjennomføre lotteriet også i år, men på ein litt annleis måte.

Kontakt for loddkjøp

Det blir ikkje besøk av loddseljarar frå skyttarlaget «på døra» i år. Personar som ønskjer å prøve vinnarlukka etter ei velsmakande marsipankake må ta kontakt med leiar i Sunnylven skyttarlag Ola Vangen på tlf.94435850

Han noterer antall lodd og namn på kjøpar. Betaling blir gjennomført via vipps eller direkte gjennom bank. Pris pr lodd er 5 kroner. Lodd kan kjøpast frå no og fram til  laurdag 13. februar kl. 11.00.
Trekning same dag ca. kl. 12.00.

Kontaktopplysning

Ola Vangen: Tlf. 94435850

Vipps skyttarlaget: 616035

Bankkonto skyttarlaget: 3974 20 13379

Premiar i lotteriet er fleire marsipankaker

Leiar i skyttarlaget håpar informasjon om opplegget kjem ut og at alle hjelper kvarandre slik at lotteriet ikkje «går hus forbi»

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380