Lokalnytt

Toppår for kjøttvarebedrifta Ole Ringdal AS

Margreta Helset Janssen har lang fartstid ved Ole Ringdal AS. Her viser ho fram Alpepølse, det nyaste produktet og som sel godt,

For kjøttvarebedrifta Ole Ringdal as på Hellesylt vart 2020 eit nytt, flott år. Produksjon og omsetning auka med vel 10.0 prosent til totalt 170. mill. kroner.

Det går i høgt tempo hos Ole Ringdal as, kjøttvarebedrifta på Hellesylt. Hjørnesteinsbedrift i turistbygda «på kanten» til djupvasskaia har det største slakteriet  i Møre og Romsdal. Her til bedrifta vart det transportert inn til slakting humant og kortreist frå lokale bønder til produksjonen.

Selde meir enn nokon gong

Den uvanlege situasjonen landet kom i grunna koronapandemien, gjorde at mange bedrifter var spente og frykta for salet. For Ole Ringdal as utvikla salet seg derimot til rekordomsetning gjennom året. I samtalen vår på kontoret til dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal fortel han om auka sal av alle produkt, både ferskvarer, pålegg og spekemat.

God grillsesong og kjøttfyldige pølse

-I fjor slakta vi 25.000 dyr av storfe, sau lam og geit, og auka omsetninga frå 155 mill. til 170 mill kroner. Alle tal er ikkje heilt klare enno, men det ligg ann til ein auke på 10.0 prosent i høve til 2019.

Ole Arnstein Ringdal fortel om auke i salet av alle vareslag, både ferskvarer, spekemat og pålegg.
-Folk treng mat sjølv i eit annleisår. Å peike på ei årsak til auken er vanskeleg, men vi hadde ein kjempegod grillsesong, og vi er etter kvart blitt kjende for kvalitet. Medaljer og diplom frå NM i kjøttprodukter gjennom 30 år skulle vere bevis på det. Vi har ein sterk posisjon i marknaden, folk kjenner oss og veit kva vi står for.

Alpepølse sel godt

-Våre dyktige ansatte, 60 i lavsesongen lagar kvalitetsvarer og mykje handtilverka produkt, mellom anna kjøttfyldige pølser som skårar høgt. 2020 var eit godt år for bedrifta, og at det nyaste produktet, Alpepølse har blitt godt motteke i marknaden synest vi er gledeleg.

Grunna korona-epidemien gjekk det mindre varer til hotell og restaurantar som måtte halde stengt. Eg føler med dei, det er trist å måtte halde stengt og dermed arbeidsplassar som går tapt. Eg håper at det snart må snu, at mange kan kome i drift igjen så tidleg som råd i det nye året, seier Ole Arnstein Ringdal.

Sjølv satsar han mot at 2021 skal bli eit nytt godt år for kjøttvarebedrifta på Hellesylt med rikelege tilførsler av norske råvarer og dermed kjøttprodukt i toppklasse.

Kjøttvarebedrifta Ole Ringdal AS på Hellesylt har i over 80 år levert kvalitet i samarbeid med norske bønder.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380