LokalnyttLokalsport

Treningsrenn i skiskyting

Frå starten i nybyrjarklassene

Sunnylven IL skiskyttargruppe arrangerte treningsrenn søndag i godt vinterver. Nesten alle som trenar sporten i Sunnylven IL deltok.

Det var opphaldsver og nokre få kuldegrader då skiskyttargruppa i Sunnylven IL arrangerte treningsrenn alle klasser søndag. Fleire av dei lokale terminlista renna er utsett grunna smittefåre under koronapandemien.
Då var det greitt å avvikle eit treningsrenn i staden, meinte trenarane Tarjei Korsbrekke og Magnar Tufte Tyssen.
Magnar kunne fortelje at det har blitt trena jamt frå tidleg i haust både på barmark og no på snø i anlegget i Hyttehola. Det har blitt halde to treningar i veka, og antal deltakarar har vore mellom 15 og 20 frå klassene nybyrjarar til G 16.

Starten har gått i J 12, og G 12.

Under den siste konkurransen på Ullsheim i Markane nyleg var klubben ein av dei med flest deltakarar. Der deltok 13 jenter og gutar i fleire klasser.

Søndag var det trening i eige anlegg i HYttehola. Vi registrerte både mykje god skyting og stor fart i løypene, men som røynde på kreftene. Kanskje dukkar det opp både nye KM-vinnarar og det som er enno større frå skiskyttargruppa i Sunnylven IL.

Nokre fleire bilete frå treningsrennet:

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380