Ut frå karantene med negative testar

Dagleg leiar ved HT Bygg Hellesylt, Øystein Ljøen stadfestar at alle poske arbeidarar har utført karantenetid og avlagt negative korona-testar. Dei er klare for opphald og arbeidsliv som normalt.

Etter elleve dagar i karantene og tre negative testar for korona er alle polske tilsette i HT Bygg AS Hellesylt klare for jobb igjen. Dagleg leiar i byggfirmaet Øystein Ljøen rosar dei for godt samarbeid kring smitteverntiltaka.

Arbeidsinnvandring, testing og smittevern i høve korona har vore sterkt framme i mediabildet i lenger tid. I Norge jobbar 250.000 frå andre land, og frykta for at dei har med koronasmitte etter besøk i heimlanda er stor. Difor er det innført rutiner for testing og karantene når dei kjem til Norge.

I karantene på Hellesylt

Byggfirma HT Bygg AS på Hellesylt har 12 tilsette frå Polen som alle var heime på juleferie, men som kom tilbake til jobb like over nyttår. På Hellesylt gjekk dei rett i karantene, noko hellesylt.info har fortalt om før.

-Vi tek smittevern på alvor og ba alle om å gå i ti dagar karantene når dei kom til Hellesylt, og alle gjorde som dei vart bedne om. Andre av våre tilsette sytte for å handle inn naudsynte varer og levere med trygg avstand i karantenetida.

Alle friske

No er det gått elleve dagar, dei polske arbeidarane har levert tre negative testar og er klare for å gå på jobb hos oss igjen. Om folk ser ein HT-bil, eller møter ein av våre polske tilsette på ein butikk eller ein annan stad treng dei ikkje engste seg. Dei har utført pålagt smittevern, er testa og er friske. Men sjølvsagt må både dei og vi ha godt reinhald, sprite oss og halde pålagde avstandar til kvarandre.
Det seier dagleg leiar ved HT Bygg, Øystein Ljøen.

Lojale til reglane

Ljøen rosar dei polske arbeidarane for å ha utført det dei er blitt pålagde på ein forbilledlig måte.
-Eg synest det er på tide at ein rosar dei som går i karantene og testa seg slik dei er blitt pålagde. Det er vi i HT Bygg svært fornøgde med. Når vi no får heile arbeidsstokken i arbeid igjen blir det full fart på mellom anna renovering av skulen med både betongarbeid, ventilasjon og anne tømrararbeid frå i dag av fredag 29. januar, seier Øystein Ljøen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380