Lokalnytt

Årsmøte i Sunnylven samfunnshus

Tor Arne Tryggestad er styreleiar for Sunnylven samfunnshus.

Årsmøte i foreininga Sunnylven samfunnshus vart halde på Hellesylt Boutique & Bar etter godkjente smittevernreglar fredag kveld. Eit fåtall medlemar møtte, men årmøtet var gjennomført og alle vedtak fatta samrøystes.

Siste året for foreininga Sunnylven samfunnshus har som for alle andre lag og organisasjonar vore av det spesielle slaget, sa styreleiar Tor Arne Tryggestad.  Fyrst kom korona-pandemien, og seinare på sommaren starta renoveringa av Sunnylven skule og samfunnshus. Det har såleis ikkje vore tilstellingar i bygda si storstove i 2020.

Renovering på dugnad.

No er renoveringa av huset godt i gong, og i samband med det er det planlagt ei utbetring også av samunnshuset, Fossedursalen , kjøkken, garerober og toalett. Leiar i styret for Sunnylven samfunnshus, Tor Arne Tryggestad orienterte frå ei lang liste med utbetringstiltak som hadde ein samla kostnad på rundt 3.5 mill. kroner.
Mykje av arbeidet er tenkt utført på dugnad, men utbetringane vil koste betydelege summar, beløp det framleis jobbar med å få finansiert, vart opplyst på årsmøtet.

Skadar etter utett tak.

Bygget er eigd av kommunen og deler av det som skal rettast på har kome av utett tak gjennom mange år. Om det blir kommune eller lag og brukarar av huset som må ta kostnaden, eller ei deling er uklart enno. På årsmøtet var det dei som meinte at det ikkje kunne vere rett at friviljuge lag og organisasjonar måtte ta kostnaden med utbetring fordi huseigaren ikkje hadde halde taket tett.

Val
Styret i Sunnylven samfunnshus er:
Leiar: Tor Arne Tryggestad
Styremedlemer: Inghild Storstein, Eivind Louis Helset, Olav Andreas Sætreås, Barbro Lade (ny).

Varamedlemer: Egil Røyrhus, Olveig Frøysa, Per Ottar Alme

Valnemnd: Inge Bjørdal, Jarle Hole.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380