Garasje til traktor og O-kart på arbeidsplan.

To av sakene som Sunnylven IL har på arbeidsplanen dette året er garasje til traktoren til kunstgrasbana, og få ordna digitalt o-kart for Karbø/Langeland.
Etter mykje att og fram er det gjeve byggeløyve til garasje for idrettslaget sin traktor. Den vart kjøpt inn for dugnads -og gåvemiddlar for fleire år tilbake, men har stått for det meste ute for ver og vind då det har vore vanskar med å få byggeløyve ved klubbhuset på stadion. Traktoren, ein John Deere med knappe 50 hk er spesialbygd for kunstgrasbaner og blir nytta til slådding, og snøbrøyting av bana om vinteren.
På arbeidsplanen står også orienteringskartet for Karbø/Langeland som idrettslaget ønskjer å få ferdig digitalisert i år.