Gjekk NorgesCup i Førde

Langrennsløparen Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL fekk sin debut i NC langrenn helga 13. og 14. februar. I Førde deltok juniorløparen på både klassisk og fristil over 10.0 km.
Frå fredag til søndag var det NorgesCup langrenn i Førde for både kvinner og menn. Også fleire av dei beste juniorløparane fekk delta, mellom dei Kristine Hjellbakk Hole, (2002) Sunnylven IL.
Laurdag gjekk ho 10.0 km. klassisk og søndag same distanse i fri, begge løp som individuell start. Av 13 løparar i 2002-årgangen vart Kristine sjuande beste begge dagar. Framleis er det litt opp til vinnarane i dameklassa, Kathrine Rolstad Harsem på laurdag, og Marte Skaanes søndag, men dette er løparar på landslaget og nær verdenstoppen begge to.
Kalde treningsøkter
At det vart start under NorgesCup i Førde kom litt overraskande, men då det var plass for fleire deltakarar fekk dei eldste juniorløparane delta, fortel Kristine Hjellbakk Hole. Ho går skule ved NTG Lillehammer og trenar saman med fleire. Også der har det vore kaldt som i resten av landet, men treningane har blitt gjennomført med mykje langkøyring ute på Birkebeineren skistadion eller Sjusjøen, og hardøkter innandørs. Det har nesten vore «mildare» å trene på Sjusjøen, for Birkebeineren er eit kuldehøl, seier ho. Både Kristine og fleire har skaffa seg kuldemasker, for det er viktig ikkje få på seg kuldeastma.
Hjelp med skia
Kristine er bra fornøgd med helga i Førde, for det er hardt nivå og mange gode i langrenn. Ho hadde gode ski, dei fekk ho preppa av smørjarar på regionslaget Veidekke Midtnorge, fortel ho. Far Hans Hole var også på plass i Førde, men han kom ikkje inn på stadionområdet grunna korona-restriksjonar.
-Han måtte eg berre sjå og treffe i løypene ute i skogen.
Lita rekruttering
Kristine Hjellbakk Hole var einaste kvinnelege løpar som deltok frå Møre og Romsdal skikrets denne gongen. Rekrutteringa for langrenn i skikretsen må vel seiast å vere litt skuffande der idrettslag har fostra fram både nasjonale og internasjonale storløparar tidlegare.
Satsar også neste vinter
Vinnar under NC i Førde vart Marte Skaanes, (1996) på 10 km. klassisk 28.22.1. Marte Mikkelsplass vart beste 2002-løpar på 11. plass med 29.53.7. Kristine Hjellbakk Hole kryssa målstreken etter 32.16.3.
Søndag vann Kathrine Rolstad Harsem (1989) 10.0 km. fri på 24.56.4. Kristine kom i mål til 29.20.8.
Kristine Hjellbakk Hole går skule siste året ved NTG Lillehammer. Men ho blir i Mjøsbyen også neste vinter, for ho vil satse langrenn. Og på Lillehammer er det gode og sikre treningsforhold med snø, og mange kjenningar som satsar på sporten. Det vil eg også, seier Sunnylven IL sin beste langrennsløpar.