Godt årsmøte i Sunnylven Pensjonistlag

Styret i Sunnylven Pensjonistlag. Framme frå venstre: Anne Lise Hasle (vara), Astrid Langeland, Mia Sjåstad, Lilli-Karin Ljøen. Bak frå v: Magnar Bjørdal, Håkon Hasle, Odd Jostein Bjørdal. Ruth Tronstad (vara) var ikkje til stades.

Frammøte var mindre enn vanleg då Sunnylven Pensjonistlag heldt årsmøte etter godkjente smittevernreglar. Årsmelding og rekneskap vart godkjent utan merknader, og det vart gjenval av alle tillitsvalde.

I 2020 hadde Sunnylven Pensjonistlag 110 betalande medlemer, og sist fredag møtte om lag ein firedel av dei på årsmøte på Hægstad Gård. Leiar i laget Astrid Langeland ønska vel møtt til møtet som var det fyrste på nær eit år.
På den tid hadde sju medlemer gått bort som årsmøtet mintes med lystenning og eitt minutt stille.

Fleire saker også i 2020

-2020 vart eit rart år, difor er også årsmeldinga ganske kort, sa sekretær Håkon Hasle. Sjølv om aktiviteten hadde vore lavare enn i eit vanleg år fortalde årsmeldinga om mange saker som styret hadde jobba med.
Det hadde blitt halde møte med kommunen og drøfta aktuelle saker, laget gleda bebuarar på omsorgssenteret med både julekonsert, dekorasjonar og bløtkake til alle før jul, tre av styremedlemmene hadde pussa alt sølvtøy i Sunnylven kyrkje, og laget tok ansvar og betalte for rydding av ei vegskråning i Hellesylt sentrum.

Jubileumsår

Det store i 2020 skulle vere 40-års jubileet til Sunnylven Pensjonistlag. Den markeringa vart avlyst, men i staden gav laget ut eit jubileumsskrift til jul gratis til alle medlemane. Bak jubileumsboka som vart på heile 60 a-4 sider hadde Odd Jostein Bjørdal lagt ned mykje arbeid, i lag med Arne Inge Tryggestad og Astrid angeland.

Kostnaden med 40-årsheftet gjorde innhogg med 28.000 kroner i lagskassa. Men økonomien i laget er god då tal frå rekneskapen viste 98.000.- kroner i kasse/bank ved årsskiftet..

Håper på pandemislutt

-Korona-pandemien stoppa mykje av aktiviteten i laget. Det tok tid og det tek tid, men vi håper og trur vi snart kan fungere som før, og gje kvarandre ein god klem. Men vi veit at det framleis blir tøffe tak og vi må alle vere flinke og følgje reglane, sa Astrid Langeland.
Ho takka for godt samarbeid og nemde jubileumsskriftet der ho takka spesielt Odd Jostein Bjørdal og Arne Inge Tryggestad for jobben dei gjorde, før ho avrunda sin korte appell med eit kjent vers;

-Du vår med ljose dagar,
med lengting, liv og song,
du spår at Gud oss lagar,
ein betre vår ein gong.

Under årsmøtet orienterte Angelika Fivelstad frå møter i eldrerådet, og i tillegg var det enkel servering, utlodding, og litt underhaldning ved Oddvar Gausdal på trekkspel og Astrid Guldbrandsen som song Annas vise.

Val
Alle val vart klubba gjennom som attval. Styret i Sunnylven Pensjonistlag er:

Leiar: Astrid Langeland
Styremedlemer: Odd Jostein Bjørdal, Håkon Hasle, Mia Sjåstad, Lilli-Karin Ljøen, Magnar Bjørdal.

Varamedlemer: Ruth Tronstad, Anne Lise Hasle.

Revisor: Oddbjørn Tryggestad

Valnemnd: Lars Fivelstad, Oddmund Fivelstad

Astrid Guldbrandsen og Oddvar Gausdal underheldt med song og musikk.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380