Grand Hotel får svalgang
Det kan bli tak over verandaer ved Grand Hotel på Hellesylt. Eit gamalt bilete viser at slike overbygg har hotellet hatt ein gong for lenge sidan.
Grand Hotel Hellesylt AS har etter søknad fått dispensasjon frå reguleringsplan for Hellesylt sentrum for bygging av svalgang og takutstikk over verandaer. Det blir tak over veranda mot nord og vest etter at utval for plan og byggesaker samrøystes gjekk inn for rådmannen si tilråding.
Eit gamalt foto viser at det opphavleg har vore ein kombinasjon av balkong og svalgang rundt nordleg tverrfløy på hotellet.
I vedtaket vart det presisert at dei nye taka må utformast slik at det ikkje er fare for at snø og is kan falle frå taket og ned på fylkesvegen.
Stranda kommune har tidlegare gjeve løyve til oppføring av mindre tilbygg, riving av deler av bygg og fasadeendring i samband med renovering av fasade på Grand Hotel mot aust. No får hotellet også svalgangar på sider som vender nord og vest.